Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Tema: Jobbsøking

Når du er ferdig med utdanninga di, må du søke jobb. Mange elevar arbeider allereie ved sida av skulen om kvelden, i helgar eller i feriar. For å skaffe ein jobb må du først finne ei aktuell stilling, skrive ein god CV og jobbsøknad, og til slutt gjennomføre eit godt intervju.

Nedanfor har vi samla eit forslag til oppgåver de kan jobbe med for å lære å søke jobb og gjennomføre eit jobbintervju. Forslaga er samla i økter som varer cirka 20–30 minutt, så det passar godt å jobbe med dei i klassens time. Vi har laga eit forslag til progresjon som passar viss de vil jobbe med fleire økter over ein lengre periode. Det er likevel ikkje nødvendig å følge denne rekkefølga. Vel gjerne ut éin eller to økter og jobb berre med dei.

Økt 1: Kvar kan du finne aktuelle jobbar?

Det finst mange ulike måtar å finne ein jobb på. I desse oppgåvene får du nokre tips på vegen. Du kan velje mellom to ulike oppgåver.

  • I oppgåve A får du nokre generelle tips til korleis du kan få deg jobb.

  • I oppgåve B får du tips til til korleis du kan skaffe deg sommarjobb.

Oppgåve A. Kvar kan du finne aktuelle jobbar?

  • Les éin eller begge artiklane under om kvar du kan få deg jobb. Utforsk òg nokre av lenkene du finn i artiklane og skriv ned minst fire gode tips du kan ta med deg vidare i jobbsøkinga.

  • Set dykk i grupper på tre eller fire elevar. Samanlikn tipsa de har notert ned. Diskuter kva som er dei beste måtane å finne ein jobb på. Kva er dei beste nettstadene til formålet? Bli einige om ei liste på fem tips til korleis de kan få tak i ein jobb.

Oppgåve B. Kvar kan du finne ein sommarjobb?

  • Les éin eller begge artiklane under om kvar du kan få deg sommarjobb. Utforsk òg nokre av lenkene du finn i artiklane og skriv ned minst fire gode tips du kan ta med deg vidare i jobbsøkinga.

  • Set dykk i grupper på tre eller fire elevar. Samanlikn tipsa de har notert ned. Diskuter kva som er dei beste måtane å finne ein sommarjobb på. Kva er dei beste nettstadene til formålet? Bli einige om ei liste på fem tips til korleis de kan få tak i ein sommarjobb.

Økt 2: Korleis skrive ein god CV?

Det er viktig å ha ein god CV når du søker ein jobb. I denne oppgåva skal du skrive ein CV for deg sjølv. Bruk gjerne artikkelen og dømet når du skriv.

Andre relevante artiklar og døme

Økt 3: Forarbeid til jobbsøknad

Før du startar på sjølve søknaden, kan det vere lurt å tenke over kva du vil fokusere på når du skriv. I denne oppgåva skal du reflektere over kva for nokon av eigenskapane dine du bør framheve i søknaden, og korleis du skal formulere dei på ein god måte. Gjer oppgåve 1, 2 og 3 i oppgåva under.

Oppgåve: Forarbeid til jobbsøknad

Økt 4: Korleis skrive ein god jobbsøknad?

Det er viktig å skrive ein god søknad når du søker ein jobb. I denne oppgåva skal du skrive ein jobbsøknad på ein jobb du har lyst på. Du kan få tips til kvar du kan finne aktuelle jobbar i artiklane i økt 1. Bruk artiklane under når du skriv jobbsøknaden:

Andre relevante artiklar og døme

Økt 5: Korleis gjennomføre eit godt jobbintervju?

Det er viktig at du førebur deg godt til eit jobbintervju.

  1. Les artikkelen "Jobbintervjuet – slik får du jobben" på ung.no. Sjå gjerne nokre av videoane i artikkelen òg. Skriv ned minst tre konkrete tips til kva du meiner er viktig når du gjennomfører eit jobbintervju.

  2. Set dykk i grupper på fire eller fem elevar. Diskuter kva som er viktig å hugse på når de skal gjennomføre eit intervju. Bli einige om ei liste med minst fem konkrete tips til korleis de kan gjennomføre eit godt intervju.

Ekstraoppgåve: Kroppsspråk på jobbintervju

Kroppsspråket er viktig når du er på intervju. Sjå heile eller delar av videoen under (lengde 36:34). Kva for tips tenker de er viktigast for å lykkast med kroppsspråket i eit intervju?

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 07.04.2026