Tema: Skuleval

Dette opplegget består av to delar. Den eine delen (økt 1 og 2) kan brukast som forarbeid og etterarbeid til skulevaldebatt og valtorg, og den andre (økt 3) som siste førebuing før elevane skal stemme i skulevalet. Innhaldet til dei to første øktene er laga av Nobels Fredssenter. Den siste økta er eit opplegg laga av NDLA.
Økt 1: Forarbeid til skulevaldebatt
Det er lett for elevane å kople ut i ein politisk debatt dei ikkje forstår.
Undervisningsopplegget "Stemmer i politikken: Del 1" gir elevane den bakgrunnskunnskapen dei treng for å følge med, forstå forskjellane mellom partia og stille gode spørsmål.
Gjennom video og samtale får dei innsikt i ideologi, politiske skiljelinjer, og kva som motiverer unge politikarar. Dette er ei enkel og effektiv økt som løftar utbyttet av skulevalet for elevane.
Heile opplegget tek 45–60 minutt, men det kan delast i to.
Økt 2: Etterarbeid til skulevaldebatt
Kva skjer etter debatten og valtorget?
Etter skulevaldebatten sit mange elevar igjen med spørsmål og somme gonger fleire inntrykk enn dei rekk å fordøye.
I undervisningsopplegget "Stemmer i politikken: Del 2" får elevane setje ord på det dei har opplevd, reflektere over politisk samarbeid og utforske kva det betyr å vere ein medborgar i praksis.
Gjennom rollespel, gruppearbeid og dialog jobbar dei med kompromiss, verdiar og deltaking, og får sjå korleis politikk faktisk fungerer i verkelegheita.
Økt 3: Ta valet!
Når det er tid for elevane å bestemme seg for kva dei skal stemme til skulevalet, kan det vere lurt å gi dei ei anledning til å rydde litt i tankane. Vi har laga to læringsstiar som er meinte for førstegongsveljarar ved lokalval og stortingsval, men som like godt kan brukast av elevar som skal stemme ved skuleval. I det siste trinnet i læringsstiane skal dei bestemme seg for kva parti dei skal stemme på.
Læringssti: Ta valet! (Stortingsval)
Læringssti: Ta valet! (Lokalval)
Relatert innhald
Kva er eit skuleval? Korleis blir det gjennomført? Har skulevalet nokon betydning?