Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Tema: Yrkes- og utdanningsval

På vidaregåande skule blir du stilt overfor viktige framtidsval. Du skal velje mellom ulike fag og programområde, og kva slags jobb eller høgare utdanning du skal søke på når du er ferdig. Utforsk dei ulike valmoglegheitene du har, saman med dei andre elevane i klassen.

Nedanfor har vi samla nokre forslag til oppgåver de kan jobbe med for å få informasjon om yrkes- og utdanningsval. Oppgåvene er samla i økter som varer cirka 20–30 minutt, så det kan passe godt å jobbe med dei i klassens time. Vi har òg laga eit forslag til progresjon som eignar seg viss de vil jobbe med fleire økter over ein lengre periode. Det er likevel ikkje nødvendig å følge denne rekkefølga, men fullt mogleg å velje ut berre éi eller to økter de vil jobbe med.

Økt 1: Ein meiningsfull jobb

Før du skal velje kva du vil bli, kan det vere lurt å reflektere over kva slags jobb du verkeleg ønsker. I denne økta skal de utforske og reflektere over kva som er ein meiningsfull jobb. Følg lenka under.

Tips til førebuingar

Før klassen startar på oppgåva, kan læraren eller elevane lese artikkelen "Ein meiningsfull jobb" for å få litt bakgrunnsinformasjon.

Økt 2: Finn din veg

Det kan vere vanskeleg å velje yrke og utdanning. I denne økta skal du få tips til korleis du kan finne relevante yrke og utdanningar, og reflektere over kva som passar for deg.


Økt 3: Utforsk yrkes- og utdanningsval

Det finst mange ulike yrke og utdanningar du kan velje mellom. I denne økta skal du utforske ulike yrkes- og utdanningsval. Du kan velje mellom to ulike måtar å utforske aktuelle jobbar og utdanningsretningar på:

  • I oppgåve A skal du gjennomføre ei øving som ved hjelp av kunstig intelligens, gir deg forslag til yrke og utdanningar som er baserte på interessene dine.

  • I oppgåve B kan du velje mellom ulike yrkesportrett og videoar og reflektere over dei.

Oppgåve A: Utforsk kva du vil bli

Oppgåve B: Utforsk ulike yrkesportrett

  • Utforsk minst to eller tre yrkesportrett om dei yrka som verkar mest spennande for deg:

  • Samanlikn dei yrka og utdanningane du tenker er mest aktuelle for deg, på nettsida utdanning.no. Kva er fordelane og ulempene med dei ulike yrka?

  • Set opp ei liste med minst tre ulike yrke som kan vere aktuelle for deg. Skriv gjerne ei kort grunngiving for kvart val.

Utforsk vidare

Her er nokre forslag til korleis du kan utforske ulike yrkes- og utdanningsval vidare:

Økt 4: Fagval i vg1

I første klasse på vidaregåande skule skal mange velje program for vg2. I denne økta kan du utforske nokre av mogelegheitene du har når du vel studiespesialisering, og når du vel yrkesfag.

Fagval på studiespesialisering

Etter det første året på vidaregåande, skal du velje program og programfag. I denne oppgåva kan du utforske kva moglegheiter du har.

  1. Les artikkelen "Fagvalg på studiespesialisering" på ung.no. Finn minst to aktuelle tips til kva det kan vere lurt å vere klar over når du skal velje program.

  2. Finn ut kva for programfag som blir tilbodne på skulen din. Du kan til dømes spørje læraren eller sjekke på nettsida til skulen. Vel deretter minst tre programfag du synest høyrast spennande ut.

  3. Les om læreplanen til programfaga du har valt i artikkelen "Læreplanar for fag i utdanningsprogram studiespesialisering" på vilbli.no. Du treng ikkje lese heile læreplanen, men kan fokusere på kapitla "Fagets relevans og verdiar", "Kjernelement" og "Kompetansemål". Skriv nokre korte stikkord om kva du liker og ikkje liker med kvart programfag.

  4. Diskuter lista di med ein annan elev. Kva er fordelar og ulemper med dei ulike programfaga?

Fagval på yrkesfag

Etter det første året på yrkesfag, kan du velje programområde. I denne oppgåva skal du studere informasjonen om ulike program på utdanning.no.

  1. Gå inn på oversikta over ulike utdanningsprogram i vidaregåande opplæring på utdanning.no. Vel det yrkesfaglege utdanningsprogrammet ditt, og undersøk kva for ulike programområde du kan velje andre året og tredje året.

  2. Vel deretter to eller tre programområde du har lyst til å undersøke nærare.

  3. Undersøk om dei aktuelle programområda blir tilbodne ved skulen din. Du kan høyre med læraren din eller trykke på det aktuelle programområdet og deretter på "Finn skoler" for å sjå kva for skular som tilbyr det.

  4. Når du har funne nokre programområde du vil undersøke nærare, kan du trykke på "Les mer om programmet". Du kan òg utforske dei ulike mogelegheitene for det tredje året og lese meir om dei. Fleire av dei ulike programområda har yrkesbeskrivingar og yrkesintervju. Desse kan du òg finne ved å skrive inn yrket i søkefeltet øvst på sida.

  5. Skriv til slutt ei kort liste over dei programområda som er mest aktuelle for deg saman med ei kort grunngiving.

  6. Diskuter lista di med ein annan elev. Kva tenker de er fordelane og ulempene med dei ulike programområda?

Økt 5: Utdanningsval etter vidaregåande

Det finst mange ulike studiemoglegheiter etter vidaregåande. I denne økta skal du utforske kva for studiemoglegheiter du har.

  1. Vel minst to av boksane under. Bruk lenkene til å utforske ulike utdanningsmoglegheiter, og vel minst tre alternative utdanningar som kan vere aktuelle for deg.

  2. Diskuter alternativa du har valt med ein annan elev. Kva er fordelane og ulempene med desse utdanningsalternativa?

  3. Diskuter til slutt kva som er viktigast å legge vekt på når ein skal velje utdanning. Bli gjerne einige om to eller tre konkrete tips.

Seks trinn til val av utdanning

På denne nettsida finn du tips til korleis du kan gå fram for å velje ei utdanning som er rett for deg:

Utdanning.no: 6 trinn til valg av utdanning

Ta ein utdanningstest

Universitet i Søraust-Noreg har laga ein utdanningstest. Bruk testen til å få tips om kva du kan velje:

Usn.no: Utdanningstest

Utforsk ulike utdanningar basert på interessene dine

På denne nettsida kan du utforske ulike utdanningar og yrker dom er baserte på interessene dine.

Utdanning.no: Utforsk utdanningar

Kva for utdanningar kan eg velje med karaktersnittet mitt?

Ved hjelp av denne karakterkalkulatoren kan du rekne ut karaktersnittet ditt:

Utdanning.no: Karakterkalkulator

På denne sida kan du bruke karaktersnittet ditt til å finne ut kva for utdanningar du sannsynlegvis kan komme inn på:

Utdanning.no: Studieveljar

Vidare utdanning etter yrkesfag

På denne nettsida finn du ei oversikt over kva for moglegheiter du har for vidare utdanning etter yrkesfag:

Utdanning.no: Videre utdanning etter yrkesfag

Økt 6: Korleis søke høgare utdanning

I denne økta finn du informasjon om korleis du skal gå fram for å søke høgare utdanning.

Les om korleis du søker høgare utdanning her:

Utdanning.no: Slik søker du høyere utdanning

  1. Kva er fristen for å søke høgare utdanning for dei fleste studia?

  2. Når er fristen for å omprioritere studieønske og laste opp dokumentasjon for utdanning som du fullfører i år?

  3. Når blir det lagt ut ei oversikt over ledige studieplassar på Samardna opptak?

  4. Når er fristen for å svare på søknader til høgare utdanning?

  5. Prøv å logge deg inn på Samordna opptak. Kva for informasjon må du ha for å logge deg inn?


Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 07.04.2026