Korleis tilfredsstille deg sjølv og andre?

Oppgåve 1. Tilfredsstillande seksualitet
Les artikkelen "Tilfredsstillende seksualitet" og svar på spørsmåla:
Korleis kan fantasiar og draumar hjelpe deg til å få eit betre seksualliv?
- Kvifor er det viktig å ikkje seie ja til alle forslag frå partnaren, men seie frå om grensene dine, og kva du liker og misliker?
- Mange kan vere sjenerte og usikre når dei skal vere nakne og nær ein annan. Korleis kan vi gjere kvarandre trygge?
Tenk deg at du skal gi råd til andre ungdommar om korleis dei kan få ein tilfredsstillande seksualitet. Kva tre gode råd vil du gi?
Oppgåve 2. God kommunikasjon
Kvifor kan det vere viktig å snakke om seksualitet både før, under og etter at vi har gjort noko seksuelt saman?
Kvifor kan det av og til vere utfordrande å spørje eller snakke med andre om seksualitet?
Kva kan gjere det lettare å snakke om seksualitet? Gi konkrete forslag.
Vel minst to av dei seks forteljingane om seksualitet under.
Kva er årsakene til utfordringane dei to står overfor?
Kva råd ville du gitt paret i forteljinga? Korleis kan dei løyse utfordringane sine på ein god måte?
Oppgåve 3. Spørsmål og svar
Det er viktig å finne fram til gode og seriøse kjelder når vi har spørsmål om kropp og seksualitet. I denne oppgåva skal de jobbe saman i grupper og hjelpe kvarandre med å finne svar på det de lurer på.
Del 1: Gruppearbeid
Del klassen i grupper på mellom fire og fem personar.
Alle i gruppa skriv eit spørsmål om noko dei lurer på om kropp og seksualitet på ein lapp. Det kan til dømes vere spørsmål om prevensjon, orgasme, kjønnssjukdommar, graviditet, porno, samleie eller seksuell lågalder.
Lappane blir blanda, slik at ingen veit kven som har skrive kva.
Gruppa startar med å trekke ein lapp og jobbar saman for å finne eit svar på spørsmålet ved hjelp av kjeldene i rammeteksten.
Når de har funne svar på eit spørsmål, trekker de ein ny lapp og held fram med det.
Del 2: Oppsummering i klassen
Reflekter saman i klassen. Korleis var det å finne informasjon på nett? De kan til dømes diskutere:
Kva spørsmål var det lett eller vanskeleg å finne svar på?
Var det nokon spørsmål de ikkje fann svar på? Kvifor?
Kva kjelder og nettstader synest de var best? Kvifor?
Kvifor er det viktig å bruke seriøse nettstader når vi skal finne informasjon om kropp og seksualitet?
Kva er den beste måten å gi ungdom informasjon om kropp og seksualitet på?