Oppgåve
Interaktivt innhald
Påverknaden frå porno
Vil du lykkast med dei første seksuelle erfaringane dine, kan det vere smart å lære seg fakta om nyting frå seriøse kjelder. Bruker du porno som inspirasjon og førebilete, kan du risikere å gjere noko som er lite tilfredsstillande, vondt – eller i verste fall ulovleg.

Oppgåve 1. Fakta eller fiksjon?
Kva verkemiddel bruker pornofilmar for å selje meir?
Kvifor er det vanleg å plassere porno i sjangeren fiksjon?
På kva måtar kan porno påverke seksualiteten vår på ein negativ måte?
- Kvifor trur du det er meir vanleg for gutar enn jenter å sjå på porno?