Kjønnsmangfald
Sjå filmen (lengde 3:50) og jobb med oppgåvene under.
Oppgåve 1. Kjønnsnormer
Sjå videoen og diskuter kjønnsnormer.
Er det mogleg å seie noko om kva kjønnsidentitet barnet i filmen har?
Kva for negative reaksjonar blir barnet møtt med når det bryt dei tradisjonelle kjønnsnormene?
Kvifor reagerer ein del menneske negativt når nokon bryt tradisjonelle normer og forventningar knytte til kjønn?
Kvifor vel faren til slutt å ta på seg ein kjole? Kva tenker de om det faren gjer her?
Er det lettare for jenter å kle seg og oppføre seg maskulint enn det er for gutar å kle seg og oppføre seg feminint? Kvifor trur de eventuelt det er slik?
Korleis kan vi skape eit samfunn der vi sjølv kan velje korleis vi skal sjå ut og oppføre oss når det gjeld kjønn – utan å vere redde for negative reaksjonar?
Oppgåve 2. Kva er kjønn?
Diskuter i grupper:
Kva er kjønn?
Korleis er samfunnet med på å forme oppfatninga vår av kjønn? Gi konkrete døme?
Korleis påverkar kjønn måten vi tenkjer, føler og handlar? Gi konkrete døme.
Er dagens ungdommar meir opne for at menneske kan bryte med tradisjonelle kjønnsnormer og førestillingar om kva kjønn er enn tidlegare? Gi konkrete døme.
Oppgåve 3. Korleis blir vi påverka av kjønn?
De kan svare individuelt eller i grupper.
Korleis påverkar kjønn kvardagen dykkar? Start med når de stod opp i dag tidleg og kartlegg resten av dagen så konkret som mogleg. Tenk over korleis kjønn påverkar til dømes
innreiinga, klede og kor mykje tid de bruker på badet
interesser, fritidsaktivitetar, musikksmak, kjærast og vener
kroppsspråk, korleis de snakkar, og kva de snakkar om
bruken av sosiale medium, kven de følger, og kva de er opptekne av
framtidsplanar, ønske og draumar
Kva trur de ville skjedd viss de braut med ulike normer og forventningar knytte til kjønn? Det kunne til dømes vere at de hadde valt klede, utsjånad eller interesser som er knytte til motsett kjønn.
Korleis trur de andre ville reagert viss de braut kjønnsnormene?
Korleis trur de det ville kjennast å bryte med andre sine forventningar når det gjeld kjønn?
Denne oppgåva er skriven i samarbeid med Rosa kompetanse.
Relatert innhald
Kva er kjønn? Vi kan vurdere kjønn frå fire ulike perspektiv: kropp, juridisk kjønn, kjønnsuttrykk og kjønnsidentitet.
Det store mangfaldet av kjønnsidentitetar og kjønnsuttrykk som finst blant menneske, kallar vi kjønnsmangfald.