Utforsk kjønnsmangfald - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Utforsk kjønnsmangfald

Kjønnsmangfaldet i verda er større enn mange trur. Utforsk mangfaldet av kjønnsidentitetar og kjønnsuttrykk i ulike delar av verda.

Oppgåve 1. Utforsk kjønnsmangfald

  1. Bruk det interaktive kartet i lenka under og finn minst tre døme på kjønnsmangfald som du synest er interessante.

    World Gender Customs (PBS)

  2. Bryt dei ulike døma på kartet med biletet du har av kjønnsmangfald i verda og opp gjennom historia? Grunngi svaret.

  3. Undersøk på nett korleis det er å vere trans i verda i dag. Finn døme som viser at transpersonar blir respekterte og anerkjende. Finn òg døme på diskriminering og undertrykking.

  4. Diskuter om det er lettare eller vanskelegare å vere trans i Noreg enn i andre land. Forsøk å finne argument både for og mot.

Oppgåve 2. Cis og trans

  1. Kva er cis og trans?

  2. Kvifor er det viktig å både ha eit eige ord for cis- og transpersonar?

  3. Kvifor trur du nokon kan oppleve det uvant å bruke ordet cis-person om seg sjølv?

  4. Kvifor er det viktig å lære seg ord og utrykk som beskriv kjønnsmangfald når vi skal snakke om kjønn, og når vi møter menneske med ulike typar kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk?

  5. Lag ei ordliste over ord og uttrykk om kjønn og kjønnsmangfald som du ikkje visste om frå før. Bruk gjerne ordlista frå Skeiv ungdom eller Lhbt+-ordlista frå Bufdir.

  6. Reflekter til slutt over korleis du sjølv ville opplevd det om nokon brukte ord eller utrykk om deg som du ikkje kjende deg igjen i.


Oppgåve 3. Ikkje spør om det

Sjå filmen og svar på spørsmåla under.

  1. Kvifor trur du mange menneske har behov for å plassere andre i kjønnskategoriar, til dømes kvinne og mann?

  2. Kvifor er det viktig sjølv å kunne bestemme kva omgrep andre skal bruke om deg? Det kan vere om dei skal bruke omgrep som kvinne eller mann, cis eller trans, eller "fødd i feil kropp".

  3. Kvifor trur du personane i filmen først prøvde å undertrykkje kjønnsidentiteten sin?

  4. Kva reaksjonar har personane i filmen fått frå andre rundt seg når dei har vore opne om kjønnsidentiteten sin?

  5. Personane i filmen har ofte fått spørsmål om kjønnsorgan og sex. Kvifor trur du mange er så opptekne av og nysgjerrige på akkurat det?

  6. Kvifor trur du det har vore så viktig for fleire av personane i filmen å få støtte frå familie og vener rundt seg?

Denne oppgåva er skriven i samarbeid med Rosa kompetanse.

Relatert innhald

Fagstoff
Kva er kjønn?

Kva er kjønn? Vi kan vurdere kjønn frå fire ulike perspektiv: kropp, juridisk kjønn, kjønnsuttrykk og kjønnsidentitet.

Fagstoff
Kva er kjønnsmangfald?

Det store mangfaldet av kjønnsidentitetar og kjønnsuttrykk som finst blant menneske, kallar vi kjønnsmangfald.

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2021