Kjønnsnormer - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kjønnsnormer

Ei viktig årsak til forskjellane mellom ulike kjønn er kjønnsnormer. Ulike kjønn møter ulike forventningar til korleis dei skal vere frå venner, familie, skule, media og samfunn.

Kjønnsnormer

Kjønnsnormer er forventningar til korleis vi skal vere som kjønn. Det kan vere forventningar til at vi skal kle oss eller oppføre oss på ein bestemd måte eller ha bestemde interesser, veremåtar eller yrkesdraumar. I Noreg har det – kanskje spesielt før i tida – blitt forventa at jenter skal kle seg i skjørt, leike med dokker, sminke seg og jobbe i omsorgsyrke, mens gutar skal gå i bukser, leike fysisk og jobbe i handverksyrke. Fleire av desse normene er likevel i ferd med å forandre seg i dag.

Tenk etter

Korleis blir du påverka av kjønnsnormer?

Viss du følgjer normene i samfunnet, blir du ofte møtt med positive reaksjonar. Du får anerkjenning, ros og positive tilbakemeldingar. Det kan også vere at du ikkje får nokon reaksjonar eller tilbakemeldingar i det heile fordi du gjer som alle andre. Viss du derimot bryt normene, får du ofte negativ merksemd og møter negative reaksjonar. Kvinner som har brote med tradisjonelle kjønnsnormer, har ofte møtt mykje motstand. Noregs første kvinnelege prest blei til dømes møtt med ein boikottkampanje. Det er også mange døme på at transpersonar – som ikkje identifiserer seg med det kjønnet dei blei tildelte ved fødselen – har blitt forfølgte og diskriminerte.

Ulike perspektiv på kjønn

Det finst fleire ulike måtar å forstå kjønn på. På engelsk skilst det mellom to ulike omgrep for kjønn:

  • Sex viser til biologiske forskjellar på kjønn.

  • Gender viser til sosiale og kulturelle framsyningar og normer om kva kjønn er.

Det vil ofte vere ein samanheng mellom desse to perspektiva, men akkurat kva samanhengen består i, er det ofte stor ueinigheit om.

På norsk har vi ikkje på same måten to ulike omgrep om kjønn. Når vi diskuterer kjønn, kan det vere nyttig å skilje mellom ulike perspektiv. Du kan lese meir om ulike perspektiv på kjønn i artikkelen "Kva er kjønn?"

Tokjønnsmodellen

Mange av dei mest dominerande kjønnsnormene i samfunnet er baserte på ein tokjønnsmodell. Det er ein modell som ser på kjønn som noko todelt. Ifølgje dette synet har vi to motsette kjønn – kvinne og mann – og vi blir anten fødde som det eine eller det andre. I dag blir denne modellen ofte grunngitt ut frå biologi, men vi finn han også igjen i mange religionar og livssyn.

Cisnormen

Ei norm som er nært knytt til tokjønnsmodellen, er cisnorma. Ifølgje cisnorma er det forventa at du skal identifisere deg med det kjønnet du blei registrert som ved fødselen. Viss du til dømes blei registrert som jente då du blei fødd, blir du som regel møtt med ei forventning frå samfunnet og menneska rundt deg om at du er jente, og at du skal kjenne, tenkje og oppføre deg som ei jente.

Kva er ein cis- og transperson?

Når du blir fødd, blir kjønnet ditt registrert som anten gut eller jente.

  • Ein cisperson er ein person som identifiserer seg med det kjønnet hen blir registrert som ved fødselen. Det kan til dømes vere at du blei registrert som jente ved fødselen og opplever at det kjønnet stemmer med kven du er.

  • Ein transperson er ein person som ikkje identifiserer seg med det kjønnet hen blei registrert som ved fødselen. Det kan til dømes vere at du blei registrert som gut ved fødselen, men opplever at dette kjønnet ikkje stemmer med kven du er.

Kjønnsuttrykk

Kjønnsnormer kan i stor grad påverke måten vi utrykkjer oss på, til dømes gjennom klede, sminke og kroppspråk. I mange miljø er det til dømes forventa at jenter skal vere feminine, sminke seg og gå med kjole, mens gutar skal vere maskuline og ikkje gjere det. Denne typar normer kan vere med på å underbyggje ein tokjønnsmodell.

Samtidig er det store variasjonar i normene for korleis vi skal uttrykkje kjønn. Desse normene er også heile tida i endring. Rosa var til dømes ein "gutefarge" for hundre år sidan, mens det er ein "jentefarge" i dag. I somme kulturar og trussamfunn er langt hår sett på som maskulint, mens det er i andre blir sett på som noko feminint.

Kjønnsroller

Kjønnsroller er forventningar knytte det til det å vere gut eller jente. I dei fleste samfunn møter gutar og jenter ulike forventningar til korleis dei skal tenkje, føle og oppføre seg. I mange trussamfunn er desse kjønnsrollene institusjonaliserte. Rolla som religiøs leiar er til dømes ofte berre open for menn. I mange religionar finn vi også skildringar av ulike kjønnsroller i dei heilage tekstane. I islam stiller til dømes kvinner og menn likt når det gjeld frelse, men har litt ulike plikter og rettar i til dømes familien og rettssaker.

Kjønnsmangfald

I kontrast til tokjønnsmodellen finn vi eit perspektiv som vektlegg kjønnsmangfald. Ifølgje dette perspektivet finst det ikkje berre to, men eit mangfald av ulike kjønnsidentitetar og kjønnsutrykk.

Transpersonar identifiserer seg til dømes ikkje med det kjønnet dei blei registrerte som ved fødselen. Det er også somme av oss som har ein identitet som flyt mellom mannleg og kvinneleg, somme som opplever seg som fleire kjønn, somme som ser på seg sjølv som eit tredje kjønn eller ikkje nokon kjønn i det heile.

Det finst ifølgje dette perspektivet også eit mangfald av ulike kjønnsutrykk. Det finst ulike måtar å utrykkje kjønn på gjennom til dømes klede, hårfrisyre og kroppsspråk. Desse kjønnsutrykka kan ofte bryte med reine maskuline og feminine kategoriar.

Les meir om kjønnsmangfald i artikkelen "Kva er kjønnsmangfald?"

Kjønn i religionar og livssyn

Innanfor mange trus- og livssynssamfunn finn vi igjen tokjønnsmodellen. I kristendommen, islam og jødedommen blir det ofte vist til skapingssoga der Gud skaper mannen og kvinna. I religiøse trussamfunn finn vi ofte også ulike roller for kvinner og menn og ulike forventningar til korleis kvinner og menn skal oppføre seg og kle seg.

Tokjønnsmodellen står ofte sterkt i mange fundamentalistiske og konservative trussamfunn. Dei har ofte eit tradisjonelt kjønnsrollemønster med ei klar rollefordeling mellom kvinner og menn. Innanfor fleire fundamentalistiske kristne kyrkjelydar finn vi til dømes to klart avgrensa kjønnsroller og motstand mot ulike former for kjønnsmangfald. Dei fleste religionar og trussamfunn har likevel også liberale retningar som vektlegg det ulike kjønn har felles og i større grad opnar opp for eit kjønnsmangfald.

I 2021 blei den første namneskiftesermonien, som markerte skifte frå eit kjønn til eit anna, gjennomført i Hoff kyrkje på Toten. Les meir om sermonien i NRK-artikkelen Historisk seremoni: Elin og Stein er de første som gjør dette i Norge.

Vi finn fleire døme på brot med cisnormen og andre kjønnsnormer innanfor ulike trus- og livssynssamfunn. Det er til dømes fleire døme på eit tredje kjønn. I fleire nordamerikanske urfolksreligionar finn vi "two spirit people" eller tokjønnsmenneske. Dei blei ofte ikkje sett på som anten menn eller kvinner, og det var tillate med ekteskap mellom to personar av same biologiske kjønn når ein av partane var eit tokjønnsmenneske.

I Afrika var prestar som tilhøyrde yoruba-religionen kledde som kvinner uansett kjønn, og menn som kledde seg som kvinner hadde ein sjaman- og lækingsrolle i andre afrikanske religionar. Det finst også mange døme på ulike former for kjønnsidentitet i muslimske samfunn. Khanithene i Oman lever på sida av den vanlege mannsrolla, og hijraene i Sør-aust Asia blir rekna som eit tredje kjønn.

Kjelder

Almås, E., Jessen, R.S. & Berteussen, L.M. (2021, 25. mars) Hetronormativitet. I Store Norske Leksikon. https://sml.snl.no/heteronormativitet

Bennestad, E.E.P. (2020, 9. mars). Tokjønnsmodellen. I Store norske leksikon. https://sml.snl.no/tokj%C3%B8nnsmodellen

Bufdir. (2015, 12. mars). Tokjønnsmodellen. https://www.bufdir.no/lhbt/lhbt_ordlista/t/tokjonnsmodellen/

Endsjø, D.Ø. (2009). Sex og religion. Fra jomfruball til hellig homosex. Universitetsforlaget.

Martinson, L. & Reimers, E. (Red.). (2008). Skola i normer. Gleerups.

Vogt, K. (2021, 30 mai). Islam. I Store norske leksikon. https://snl.no/islam

Woodhead, L., Partridge, C. & *Kawanami, H. ( red.). (2016) Religions in the modern world. Traditions and transformation. Routledge.

Relatert innhald

Fagstoff
Kva er kjønn?

Kva er kjønn? Vi kan vurdere kjønn frå fire ulike perspektiv: kropp, juridisk kjønn, kjønnsuttrykk og kjønnsidentitet.

Fagstoff
Kjønnsmangfald

Kva er kjønn, og korleis påverkar det oss? Bli kjend med ulike perspektiv på kjønn og lær om kjønnsmangfaldet som omgir oss.

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 10.08.2022