Hopp til innhald

Kjønnsmangfald

Kva er kjønn, og korleis påverkar det oss? Bli kjend med ulike perspektiv på kjønn og lær om kjønnsmangfaldet som omgir oss.

Ho, han eller hen? Frå vi blir fødde, er kjønn med på å forme kven vi er, kva vi gjer, og korleis vi tenker. Det kan påverke måten vi oppfører oss på, interessene våre og yrkesvala våre.

Det finst mange ulike måtar å uttrykke kjønn på og fleire ulike kjønnsidentitetar. Somme identifiserer seg med det kjønnet dei fekk tildelt ved fødselen, mens andre ikkje gjer det – og ikkje alle identifiserer seg som anten mann eller kvinne. Den store variasjonen i kjønnsuttrykk og kjønnsidentitetar kallar vi kjønnsmangfald.

Dei som bryt med dei tradisjonelle kjønnsnormene i samfunnet, kan i dag oppleve både trakassering og redusert livskvalitet. Auka kunnskap kan derfor vere med på å hindre misforståingar og skape toleranse og respekt.

I samarbeid med Rosa kompetanse har vi laga ein læringssti om kjønnsmangfald. Denne læringsstien eignar seg godt som ein introduksjon til temaet kjønn og kan brukast som utgangspunkt for vidare arbeid med temaet i mange ulike fag. I læringsstien vil du

  • bli kjend med ord og omgrep som beskriv ulike sider ved kjønn

  • få kunnskap om kjønnsmangfald og ulike perspektiv på kjønn

  • forstå korleis det kan opplevast å bryte kjønnsnormer og uttrykke kjønnsidentiteten sin

  • utforske kjønnsmangfaldet i Noreg og verda

  • reflektere over korleis vi kan bidra til toleranse og respekt i eit samfunn med kjønnsmangfald

De kan gå gjennom alle oppgåvene og artiklane i læringsstien eller velje ut enkelte delar.

Andre viktige tema vi tek opp i dette tverrfaglege emnet, er

  • kjønnsroller

  • kjønnsnormer

  • likestilling

  • minoritetsstress

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2021