Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Fisk som råstoff

Fagstoff
Video

Line fikser maten: Fisk

I serien Line fikser maten utforskar Line Elvsåshagen miljøkonsekvensane av den moderne matproduksjonen i Noreg. I denne episoden (lengde 32:36) tek ho eit djupdykk i den norske fiskeproduksjonen.

Refleksjonsspørsmål

  1. Kva er bra med tradisjonelt fiske? Kva er utfordringa med tradisjonelt fiske?

  2. Kva er bra med oppdrettsfisk? Kva er utfordringa med oppdrettsfisk?

  3. Har vi noko ansvar for at fisken vi et, har hatt eit godt liv?

  4. Korleis trur du det vil gå om vi ikkje klarer å stanse overfisket og klimaendringane?

  5. Nokre fiskesortar er det lite av, og dei er utryddingstrua. Kva sortar er dette? Kva fisk bør vi ete mest av? Tips: Les i Sjømatguiden som ligg som relatert innhald på denne sida.

  6. Har vi som jobbar innanfor restaurant- og matfag, eit ekstra ansvar for å velje berekraftig fisk? Kvifor eller kvifor ikkje?

  7. Episoden er frå 2019. Finn ut om det har dukka opp nye utfordringar for fiskerinæringa sidan da.

Relatert innhald

Skrive av Therese Hansen Federl, Jannike Gausdal og Einar Martin Kålen.
Sist oppdatert 25.02.2026