Oppgave
Lag ei veggavis!
I denne oppgåva skal de fordjupe dykk i emnet fisk som råstoff. Gå saman i grupper på to eller tre og løys oppgåvene. Presenter svara som ei veggavis. Bruk bilete og tydeleg skrift for å få fram svara dykkar på spørsmåla.
Kvifor skal vi ete fisk?
Kva inneheld fisk som gjer at han er så bra for oss?
Korleis vurderer vi om ein fisk har god kvalitet?
Korleis bør vi emballere og lagre fisk og fiskeprodukt?
Vel ein fisk frå anten torskefamilien, laksefamilien eller flyndrefamilien.
Finn faktaopplysningar om fisken, som til dømes:
Kvar lever han?
Korleis kan han brukast?
Næringsinnhald
"Fun fact"
Ein vanleg tillagingsmetode for fisken og tilbehøyr som passar til
Kva meiner de må til for at vi skal ete meir fisk?