Fisk er sunt

Fisk og helse
Fisk er ei viktig kjelde til livsnødvendige næringsstoff, og feit fisk har ei gunstig feittsyresamansetjing. Det er godt dokumentert at eit kosthald med fisk, spesielt feit fisk, er forbunde med redusert risiko for hjarte- og karsjukdommar. Å ete feit fisk kan også vere gunstig under svangerskap, blant anna for veksten til fosteret og utviklinga av hjernen.
Gunstig ernæringssamansetning
Fisk har eit høgt innhald av mange nødvendige næringsstoff. Det er ei god kjelde til protein, vitamin B12, selen og jod. Feit fisk og tran er dei viktigaste kjeldene til dei lange fleirumetta omega-3-feittsyrene (EPA og DHA) og vitamin D. Dette er spesielt viktig fordi mange får i seg mindre vitamin D enn tilrådd.
Feittsyresamansetjing
Fiskefeitt har ei gunstigare feittsyresamansetjing enn feitt frå meieriprodukt og kjøtt. Det inneheld mindre metta feitt og meir fleirumetta feitt. Fleirumetta feitt kan bidra til å senke LDL-kolesterolet, medan metta feitt kan auke det. Derfor tilrår Helsedirektoratet at vi erstattar noko av kjøttforbruket med fisk.
Fisk og hjarte- og karsjukdommar
Samansetjinga av kosthaldet, og særleg feittsyresamansetjinga i kosten, er viktig for å redusere risikoen for å utvikle hjarte- og karsjukdommar. Eit høgt nivå av kolesterol i blodet aukar risikoen. Det er derfor gunstig å byte ut matvarer med mykje metta feitt, som feite kjøtt- og meieriprodukt, med sunnare alternativ som
- planteoljer
- mjuk, plantebasert margarin
- feit fisk
Det er òg haldepunkt for at feit fisk og dei lange fleirumetta omega-3-feittsyrene frå fisk kan minske risikoen for dødelege hjarteinfarkt, særleg for dei av oss med auka infarktrisiko eller som tidlegare har hatt infarkt.

Kor mykje fisk bør vi ete?
Kostråda rår oss til å ete 300–450 gram fisk i veka. Minst 200 gram bør vere feit fisk som laks, aure, makrell eller sild. Det er tilrådd å bruke fisk som pålegg. Seks påleggsporsjonar med fisk svarer omtrent til éin middagsporsjon.
Kor mykje fisk et vi?
Fiskeforbruket er lågare enn ønskeleg, og vesentleg lågare enn forbruket av kjøtt. Dette viser både forbruksundersøkingar og dei nasjonale kosthaldsundersøkingane. Inntaket av fisk er særleg lågt i dei yngre aldersgruppene. Det vil vere ein fordel å auke forbruket av fisk i staden for kjøtt.
Miljøgifter i fisk
Fisk kan inneholde små mengder miljøgifter, men for de fleste er dette ikke et problem. Så lange du spiser variert og følger kostrådene, er det trygt å spise fisk. Faktisk spiser de fleste for lite fisk, og det er anbefalt å øke inntaket.