Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Grønsakskulturar

Fagstoff
Interaktivt innhald

Salatvekstar

Salatvekstane er allsidige grønsaker i korgplantefamilien, kjent for sine unike smakar og ulike typar. Frå dyrking og gjødsling til hausting og lagring – lær korleis du lykkast med salat.

Biologi

Salat høyrer til korgplantefamilien og inneheld bitterstoff som gir ein karakteristisk smak. Salat blir delt i tre hovudtypar basert på form:

Bladsalat
dannar ikkje faste hovud og blir hovudsakleg dyrka i veksthus.
Hovudsalat
er tradisjonell salat med faste hovud.
Bindsalat
er ein variant av hovudsalat med mjukare blad.

Jord og gjødsling

Salat stiller få krav til jord, men eit godt plantebed er avgjerande. Leirejord kan vere for stiv og hard. Ved dyrking i lett sandjord krevst det god vasstilgang for å unngå indre bladrandskade (innerrote).

Salat kan dyrkast fleire gonger på same areal i løpet av vekstsesongen, ofte etter tidlegkål.

Næringsbehovet for salat:

  • nitrogen: 8–12 kg/daa

  • fosfor : 5–8 kg/daa

  • kalium: 12–15 kg/daa

For mykje nitrogen kan auke risikoen for bladrandskade.

Oppal og dyrking

Oppal

Vi kan så salat i torvblokker eller pluggbrett. Planter i torvblokker set vi direkte i salatplast med ferdig stansa hol. Spiretemperaturen bør vere 18–20 gradar, og det tek 3–4 veker frå såing til utplanting.

Dyrking

  • Lågt temperaturkrav gjer at salat kan dyrkast i store delar av landet.

  • Utviklingstida er 8–10 veker for vanleg salat og 10–13 veker for isbergsalat.

  • Plantetida er frå 1. mai til omtrent 1. august.

  • Planteavstand:

    • 20 x 20 cm for små sortar

    • 30–40 x 30–40 cm for store hovud

Viktige omsyn

  • Unngå djup planting for å redusere risikoen for sopp på rothals og blad.

  • Salatplast held ugras unna, varmar jorda og forhindrar jordsprut på blada.

  • For å unngå stokkrenning bør vi bruke sortar som toler mykje lys og varme.

  • Temperaturar over 20 gradar gir dårleg hovuddanning.

Hausting og lagring

Vi må hauste salat varsamt for å unngå skade på ytterblada. Han må raskt kjølast ned til 0–2 gradar og bli lagra med ei relativ luftfukt på 95–100 prosent.

  • Hovudsalat kan lagrast i 2–3 veker.

  • Isbergsalat kan lagrast i 4–5 veker.

Vanlege skadegjerarar

Vanlege utfordringar ved salatdyrking er

  • skadedyr: bladlus og åkersniglar

  • sjukdommar: gråskimmel, storknolla rotesopp og blautrotebakteriar, særleg i varmt og fuktig vêr

Oppgåve

Vel rette påstandar og lag eit samandrag om salatvekstar.

Kjelder

Balvoll, G. (1999). Grønsaksdyrking på friland (6. utg.). Landbruksforlaget.

Mogan, S. (2020, 4. mars). Salat. Agropub. https://www.agropub.no/fagartikler/salat

Yara. (u.å.). Salat. Henta 6. januar 2025 frå https://www.yara.no/gjoedsel/gronnsaker/salat/

Skrive av Per Spangen.
Sist oppdatert 06.01.2025