Kepalauk

Biologi
Kepalauk er eit samleomgrep på ulike sortar lauk som gul lauk, raudlauk og sjalottlauk. Lauken har normalt ein toårig vekst, det vil seie to år frå såing til blomsterstand. Slik vi dyrkar kepalauk i Norden, kan vi likevel sjå på han som ein treårig vekst.
År | Utvikling |
|---|---|
| 1 | Vi sår frø, og lauken blir teken opp om hausten som ein liten stikklauk/setjelauk. |
| 2 | Vi set stikklauken om våren, og han blir teken opp som matlauk om hausten. |
| 3 | Dersom vi set matlauk om våren, vil denne lauken danne blomsterstengel og blomstre i løpet av sesongen år 3. |
Laukdanning

Det som skjer når vi får laukdanning, er at det blir danna blad utan bladplater. Dei inste blada er kjøttfulle og manglar bladplate.
Faktorar som fremmar laukdanning, er daglengder med meir enn 11–13 timar lys. Her kan andre forhold òg påverke. Altfor høg temperatur, tørke og næringsmangel fremmar for tidleg laukdanning. Dette fører til at lauken vi skal hauste, blir liten.
Rotutvikling
Rotutvikling skjer frå grunnen av bladfesta, altså under laukkaka. Det er stor rotutvikling fram til laukdanninga startar, men deretter blir ho hemma. Kepalauk manglar rothår, og i motsetning til hos purre døyr gamle røter ut. Dette gjer at kepalauk er tørkesvak og veks sakte.
Kvile
Lauken er "moden" når bladplatene knekk over. Dette skjer når støttevevet i dei yngste blada blir så svakt at blada ikkje klarer å halde seg oppreiste. Dersom plantene står for lenge i jorda etter modning utan rykking, vil ny rotdanning starte.
Lauken går inn i tvungen kvile ved modning, og denne varer omtrent ut desember. Etter dette er det låge temperaturar under vidare lagring som held lauken i kunstig kvile. Ved modning trekker grohemmande stoff (abscisinsyre, ABA) ned i laukkaka frå blada.
Stokkrenning
Det blir danna anlegg til blomsterstengel allereie ved 10–12 gradar dersom lauken blir påverka over ei viss tid, det kan vere to til tre dagar. Vidare vil lange dagar fremme danning og vekst av blomsterstengel. Det viser seg at store planter er meir utsette ved låg temperatur.
Jord og gjødsling
Kepalauk trivst best i moldhaldig sand og morenejord som er godt drenert.
Sandjord er mindre eigna fordi kepalauk har eit svakt rotsystem, noko som kan føre til utfordringar viss det ikkje er tilgang på vatning.
Leirjord kan skape problem ved å danne skorpe på overflata, mens myrjord ofte er for kald og lite eigna.
Kepalauk er utsett for surjordskade ved pH-verdi lågare enn 5,5. Dette viser seg som aluminiumforgifting, noko som gir svake røter, dei blir butte og korte. I tillegg kan plantene vere utsette for fosformangel. Dette viser seg ved at bladverket blir blåfarga. Etter kalking er det fare for mangan- og sinkmangel.
Næringsbehov for kepalauk:
nitrogen: 10–15 kg/daa
fosfor: 2–8 kg/daa
kalium: 12–16 kg/daa
Behovet for fosfor er stort rett etter planting på grunn av rotutvikling. Det er elles ein fordel å bruke klorfattig gjødsel sidan kepalauk lett får saltskadar. Symptom på saltskadar er dårleg spiring hos laukfrø og sviskadar og dårleg rotutvikling hos setjelauk.
På grunn av smittefaren for laukgråskimmel, laukbladskimmel og laukbladgråskimmel er det viktig med eit vekstskifte med omløp på fire år. Det er ein fordel å bruke jordareal utan fleirårig ugras fordi kepalauk har dårleg dekkevne.
Dyrkingsmetodar
Statskontrollert setjelauk er mest brukt med tre rader på seng. Setjelauken må dekkast med jord, og det er viktig at laukkaka har kontakt med jord. Vi kan setje lauken med maskin, eller for hand på små areal som i ein marknadshage eller kjøkkenhage. Setjetid bør vere i perioden frå 1. til 15. mai.
Sortskrav
Ved val av sortar bør vi sjå etter at skalet er heilt og held seg på gjennom lagring, pussing og omsetning. I tillegg må skalet vere seigt. Laukhalsen bør vere tynn for å hindre sjukdom og rote. I tillegg bør sorten vere sterk mot stokkrenning. Gyllen farge etter tørking er ein god eigenskap.
Vatning
Vatning er viktig i etableringsfasen for å få rotvekst. Tørke ved laukkaka hindrar rotanlegg i å utvikle seg til røter. Stor vasstilgang etter langvarig tørke fører ofte til sprekkdanning i lauken.
Hausting, tørking og lagring
Hausting av bunta lauk
Bunta lauk haustar vi seint på sommaren mens lauken framleis har 3–5 friske bladplater.
Denne lauken er ikkje tørka, og vi må hauste han i rett stadium for å sikre god kvalitet.
Tørking av lauk for lagring
Rykking av lauk: Vi løyser lauken og legg han oppå jorda slik at bladverket kan starte ein naturleg tørkeprosess.
Lauken bakketørkast i 7–8 dagar før vi tek han inn for vidare tørking.
Under tørkeprosessen trekker grohemmande stoff (abscisinsyre, ABA) ned i laukkaka. Dette gir lauken lengre haldbarheit og hindrar at han gror raskt i kjøleskapet hos forbrukaren.
Vidare tørking og lagring
Lauken blir tørka og lagra i same rom, anten i storkasser eller i bingar.
Sørg for god luftgjennomstrøyming under heile prosessen.
Tørkeprosessen
Startfase: Bruk mykje uteluft for å redusere overflatefukt. Hald temperaturen over 20 gradar i starten for å oppnå mørkt skal.
Hovudtørking: Når overflatefukta er borte, blir temperaturen auka til 30 gradar.
Avslutning: Etter cirka tre veker er lauken tørr. Senk temperaturen gradvis til −1,5 til 0 gradar for å unngå kondens.
Lagringsforhold
temperatur: −1,5 til 0 gradar
relativ luftfukt (RF): 60–80 prosent
Dette forhindrar groing og rotvekst under lagring.
Vanlege skadegjerarar
Vanlege skadegjerarar i kepalauk er laukgråskimmel, laukbladskimmel, laukbladgråskimmel og laukfluge.
Oppgåve
Vel rette påstandar og lag eit samandrag om kepalauk.

