Gulrot

Biologi
Gulrot er ei toårig plante der det blir danna ein bladrosett det første året. Rota er ei silvevsrot. Det betyr at mykje av den gulrota vi et, består av silvev. Røtene kan bli misdanna dersom hovudrota blir øydelagd på eit tidleg stadium. Dette kan til dømes skje når rota treffer på ein stein i jorda.
Fordi ho har eit djuptgåande rotsystem, er gulrota tørkesterk. Store røter kan vere utsette for sprekking der sildelen sprekk opp. Ujamne vekstvilkår, som å gå frå tørke til mykje nedbør, eller stor tilgang på nitrogen aukar risikoen for sprekking.
Stokkrenning er ikkje noko problem då den har ein relativ lang ungdomsfase.

Visste du at ...
Viss du rullar ei gulrot fram og tilbake på eit hardt underlag, så vil kjernen losne frå silvevet? Då kan du klare å lirke ut kjernen slik at du får ei gulrot som består av nesten berre silvev.
Jord
Krav til jord
Lite stein i jorda er heilt klart ein fordel ved gulrotdyrking. Jorda bør òg vere djup og utan plogsole. Djup jord betyr at laget med lausmassar i jorda må vere tjukt nok til at røtene får utvikla seg normalt. Dårleg drenert jord er ingen fordel då lite luft i jorda ofte gir skjeggete røter. Jord som inneheld sand, silt og mold, er gode jordtypar for gulrotdyrking.
Jordarbeiding
Eit av hovudmåla med jordarbeiding er å lage eit godt såbed med gode spirevilkår for frøet, og det skal vere ein god vekseplass for rota heilt fram til innhausting. Under jordarbeidinga er det viktig å unngå jordpakking. Djup og god innblanding av kalk og gjødsel er viktig, og der jordlaget er tynt, kan vi dyrke på drill.
Vekstskifte
Vekstskifte er viktig for alle grønsaksvekstar. For gulrot er det tilrådd etter eng, korn, potet og næringskrevjande grønsaksslag, med 4–6-årig omløp. Jordbuande sjukdommar som blir formeira opp ved einsidig dyrking, kan vere klosopp, gulrotsvartflekk, gropflekk og ringrote.
Gjødsling
Gjødsling og kalking
Rett pH er viktig for å få eit optimalt opptak av næringsstoff. Dersom pH er under 5,1, vil dette medføre misvekst på grunn av mangel på enkelte næringsstoff. Små og deformerte røter og redusert bladvekst kan vere resultatet. Det tilrådde pH-området er mellom 5,6 og 6,5. Kalking i gulrotåret kan føre til store mengder flatskurv, då denne soppen trivst i basisk jord.
Næringsbehov
Gulrot har følgande næringsbehov:
nitrogen: 5–10 kg/daa
fosfor: 5–7 kg/daa
kalium: 12–16 kg/daa
bor: 100–200 g/daa
Gulrot har eit relativt høgt krav til fosfor, særleg på eit tidleg utviklingsstadium.
Dyrking
Gulrøter kan dyrkast anten på drill, seng eller flatt land. Drill kan brukast når jorda er grunn, tung eller våt. I dette tilfellet kan vi bruke 60–65 cm radavstand. På seng kan vi dyrke med tre dobbeltrader, mens på flatt land bruker vi 45–50 cm radavstand med dobbeltrader.
Årsak til dårleg spiring kan vere redusert frøkvalitet, men låg jordtemperatur, opptørking i spiresjiktet, skorpedanning, for djup såing og for sterk grunngjødsling kan òg vere årsaker til dette.

Sortskrav
Vi har mange sortar å velje mellom på marknaden. Sortane har ulike eigenskapar, og vi må velje sort etter korleis avlinga skal omsetjast. Det kan vere til bunting tidleg, i beger eller til fabrikk. Uansett vil vi ha ei stor avling som er stabil over fleire år og på ulike jordtypar. Gulrota bør
vere sylinderforma
ikkje ha grøn skolt
ha god indre kvalitet, god farge og smak
vere motstandsdyktig mot sprekking
ha eit sterkt bladfeste, men likevel vere lett å avblade
ha god lagringsevne
vere motstandsdyktig mot lagersjukdommar
Lagring
God lagring og gode lagringsforhold er viktig for å halde kvaliteten ved like heilt fram til forbrukar. Derfor bør gulrøtene lagrast i plastfôra kassar ved −1 til 0 gradar og 98 prosent relativ luftfukt. Det er viktig med så rask nedkjøling som mogleg.
Gulrøter i ei storkasse har framleis celleanding, og med celleanding blir det produsert varme. Derfor kan det vere smart å setje inn berre nokre få kassar på kjølelageret om gongen. Då vil temperaturen inne i kassene søkke raskare.

Vanlege skadegjerarar
Gulrotfluge, gulrotsugar og jordflylarver er skadedyr vi bør ha fokus på når vi dyrkar gulrot. Av sjukdommar kan vi nemne klosopp, gropflekk, storknolla rotesopp, gulrotkvitflekk, gråskimmel og flatskurv som dei aller viktigaste sjukdommane. Fleire av desse kan smitte under dyrking, men vi ser først symptoma under lagring eller hos forbrukar. Klosopp kan vi sjå som svarte flekkar på bladverket, men vi ser størst skade på ferdigvaska gulrøter der det utviklar seg ein svart rote flekkevis på røtene.

Oppgåve
Vel rette påstandar og lag eit samandrag om gulrot.



