Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Grønsakskulturar

Fagstoff
Interaktivt innhald

Selleri

Knoll- og stilkselleri krev nøye dyrking og handtering for å unngå utfordringar som stokkrenning, næringsmangel og skadegjerarar. Optimal jord, temperatur og næring er avgjerande for vekst, mens frostvern og rett lagring sikrar kvaliteten.

Biologi

Knollselleri og stilkselleri er toårige og har eit djuptgåande rotsystem som gjer at haustearbeidet er omfattande. Plantene inneheld eteriske oljer, særleg i oljekanalar nær røtene og i frø. Dette gjer at plantevevet i knollselleri blir brunfarga ved tilgang på luft. Knollselleri har hole bladstilkar, mens bladstilkane hos stilkselleri er kjøttfulle.

Stokkrenning

Stilkselleri er mest utsett for . Problemet er størst ved 6–8 gradar, men temperaturar heilt opp til 16–18 gradar kan fremme for tidleg blomstring. Ungdomsfasen hos selleri varer i 1–2 veker etter spiring, og dei har eit varmeminne ved temperaturar over 20 gradar. Dette betyr at temperaturar over 20 gradar kan oppheve påverkingar av lågare temperaturimpulsar.

Oppal

Tilrådde oppalsforhold for å redusere risikoen for stokkrenning i stilkselleri er

  • varmt oppal, 17–19 gradar

  • mykje lys

  • lang dag, altså at plantene får lys i minst 12 timar

  • bruk av solfangar ved tidleg dyrking, dette held temperaturen oppe

Det har vore vanleg å breiså selleri for så å prikle etter 1 til 2 veker. Dette gir gode planter. Frøa må ha lys for å spire, og oppalstida er cirka 7 veker frå såing til utplanting. Det er viktig å bruke reine såkasser og pluggbrett under heile oppalet. Temperatur under oppalet bør som nemnt ligge på 17 til 19 gradar. Spirehemming over 20 gradar.

Jord og gjødsling

Selleri får gode vekstforhold når jorda er djup, varm, moldhaldig og godt drenert. pH bør vere over 5,6 for å unngå surjordskadar som viser seg som brune røter.

Næringsbehovet for selleri:

  • nitrogen: 15–20 kg/daa

  • fosfor: 5–7 kg/daa

  • kalium: 18–24 kg/daa

  • bor: 200–250 g/daa

Stor tilgang på nitrogen kan gi hjarteråte. Det viser seg ved at dei yngste blada blir mørke/svarte på grunn av mangelfull transport av kalsium. Bormangel viser seg som brune flekker i knollen på knollselleri, mens hos stilkselleri som brune korkaktige småsår på utsida av stilken (katteklor).

Dyrking

Det er gunstig med planting i perioden frå 15. mai til 15. juni på grunn av temperaturforholda. Det er tilrådd planteavstand på 40 cm for knollselleri og 30 cm for stilkselleri. Radavstand må tilpassast det utstyret vi har, men 65 cm er vanleg. Vekststans kan skje på grunn av omplantingssjokk, rotsnurr, gulrotfluge og tørke. Selleri toler ikkje frost og må derfor dekkast til i periodar på hausten når det er fare for frostnetter. Særleg stilkselleri er utsett.

Lagring

Knollselleri kan lagrast i 4–6 månader ved 0–1 gradar i plastfôra kasser. Kondens i kassene gir ofte rote under lagring, og skadd plantevev må pussast vekk før sal. Stilkselleri blir ofte lagra ståande i plastfôra kasser i 2–3 månader ved 2 gradar.

Vanlige skadegjerarar

  • Selleribladflekk gir brune, runde flekker på blada og smittar med frø.

  • Selleriskurv gir brun rote på rothals og knollar. Det blir utvikla svarte sporehus i skurvlaget, og det er best vilkår om hausten.

  • Larve av gulrotfluge gneg i røtene og i rothalsen.

Oppgåve

Vel rette påstandar og lag eit samandrag om selleri.

Kjelder

Balvoll, G. 1999. Grønsakdyrking på friland (6. utg.). Landbruksforlaget.

Gibalova, A. (2023, 14. desember). Stilkselleri/stangselleri. Agropub. https://www.agropub.no/fagartikler/stilkselleri-stangselleri

Solberg, S. Ø. (2021, 27. januar). Knollselleri. Agropub. https://www.agropub.no/fagartikler/knollselleri

Skrive av Per Spangen.
Sist oppdatert 09.12.2024