Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Grønsakskulturar

Fagstoff
Interaktivt innhald

Purre

Purre krev nøye stell for å sikre god kvalitet. Rett temperatur, næringsrik jord og godt oppal er nøkkelen til suksess. Korleis sikrar du ei stor, sunn avling av purre som toler lagring?

Biologi

Purre utviklar blad frå , og aukande daglengde gir auka lengde på bladslirer og bladplater.

Rotutvikling

Purre har eit omfattande rotnett om hausten fordi eldre røter døyr seint. Hos purre går rotvekst føre seg samtidig som tilvekst av nye blad, i motsetning til hos kepalauk. Det viser seg at og høg temperatur ikkje har nokon hemmande verknad på rotdanninga.

Stokkrenning

Purre treng ingen kvileperiode eller påverknad av kulde for å danne blomsterstengel. Det er i første rekke alderen på plantene som påverkar dette. Normalt vil blomsterstengelen bli danna på våren etter ei overvintring.

Jord og klima

Purre liker fuktig klima på seinsommar og haust, og for å gi stor avling må vekstsesongen vere lang. Purre kan stort sett dyrkast i heile Noreg, men gir lågare avling i utsette strøk. Ein optimal veksttemperatur ligg i området 15–20 gradar, noko vi ofte har både sommarstid og utover hausten.

Purre bør dyrkast på moldhaldig, næringsrik og djup jord som er godt drenert. Leirjord er ofte næringsrik og er dermed godt eigna dersom strukturen og moldinnhaldet er godt.

Vekstskifte

Som hovudregel er det tilrådd å komme tilbake på same felt kvart femte år. Særleg gjeld dette purre som skal langtidslagrast. Korn, kløver og potet viser seg å vere gode forgrøder, mens purre er ein god forgrøder for andre vekstar.

Oppal og utplanting

Såing og oppal av purre

Vi kan så purre på to måtar:

  • Ved breisåing i fiskekasser kan vi bruke 2–3 gram frø per kasse. Det gir rundt 500–800 planter. Fiskekasser er djupe og gir god plass til røtene.

  • Gruppesåing i pluggbrett eignar seg godt for små mengder og enkel handtering.

Framgangsmåte for såing

  1. Dekk frøa med eit tynt lag sand etter såing.

  2. Legg aviser over kassa fram til spiring for å redusere fordamping.

  3. Plasser kassene lyst og hald temperaturen mellom 15 og 20 gradar.

  4. Spiretida er cirka 4 dagar.

Vedlikehald under oppal

  • Unngå høg temperatur og overdriven gjødsling, då dette kan hemme spiringa.

  • Klipp plantene ned 2–3 gonger for å gjere dei tjukkare før utplanting. La skota vere 8–10 cm etter klipping.

  • Sørg for gode lysforhold og jamn næringstilgang for å unngå tynne, svake planter.

Utplanting

  • Plant ut så snart jorda er lagleg og varm, normalt i slutten av mai.

  • Vatn godt dei første dagane etter utplanting for å unngå vekststans.

  • Tilrådd avstand:

    • radavstand: 65 cm

    • planteavstand: 8–10 cm

Gjødsling

Næringsbehov for purre:

  • nitrogen: 20–25 kg/daa

  • fosfor: 4–6 kg/daa

  • kalium: 15–20 kg/daa

For både kepalauk og purre er det tilrådd å bruke klorfattig gjødsel. Opptak av for mykje nitrogen kan føre til at blad og bladslirer sprekk.

Purre er utsett for surjordskade ved pH lågare enn 5,5. Dette viser seg som aluminiumforgifting som gir svake røter, dei blir butte og korte. I tillegg kan plantene blir utsette for fosformangel som viser seg ved at bladverket blir blåfarga.

Sortskrav

Tidlegheit, skaftlengde og -tjukne, lagringsevne og motstandskraft mot sjukdommar er sentrale eigenskapar ved val av sortar. Sortar med korte skaft kan gi utfordringar i samband med radreinsing, for då kan det komme jord mellom bladslirene.

Hausting og lagring

Hausting

  • Løys opp plantene. Røtene sit godt fast på grunn av eit omfattande rotsystem.

    • Bruk planteløftar eller planteristar for å løyse plantene effektivt.

    • På små areal kan ei greip vere eit godt alternativ.

  • Unngå skadar ved å handter purren varsamt. Vi ønsker å hindre slag, støyt eller kutt som kan føre til lagerrote og seinare skadar.

Lagring

  • Lagringsmetode: Purre blir lagra ståande i storkasser med perforert plast for god luftgjennomstrøyming.

  • Lagringsforhold:

    • temperatur: −1 til 0 gradar

    • relativ luftfukt (RF): 96–98 prosent

  • Haldbarheit: Under optimale forhold kan purre bli lagra fram til januar, så lenge kvaliteten på innhaustinga var god.

  • Sortering og behandling:

    • Sortering, vasking og pussing blir utført rett før sal for å bevare kvaliteten fram til forbrukar.

    • Ei effektiv vaskelinje er nødvendig for å sikre rask og varsam behandling.

Vanlege skadegjerarar

Papirflekk, purpurflekk, purregråskimmel og purremøll er skadegjerarar vi må ha kunnskap om når vi dyrkar purre.

Oppgåve

Vel rette påstandar og lag eit samandrag om purre.

Kjelder

Balvoll, G. 1999. Grønsakdyrking på friland (6. utg.) Landbruksforlaget.

Solberg, S. Ø. (2021, 7. januar). Purre. Agropub. https://www.agropub.no/fagartikler/purre

Skrive av Per Spangen.
Sist oppdatert 14.01.2025