Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Grønsakskulturar

Oppgåve

Grønsaksoppgåver

Jobb med oppgåver om dei vanlegaste grønsakene våre, sorterte etter plantefamiliar.

Skjermplantefamilien

  1. Finn ut kva del av gulrota som ofte blir kalla "skolten".

  2. Tenk gjennom kva krav du vil stille til ein god gulrotsort som du skal dyrke for sal i ein marknadshage. Kva er avgjerande?

  3. Kva krav bør vi stille til jorda der vi skal dyrke gulrot?

  4. Kvifor har gulrot mindre krav til nitrogen enn hovudkål, trur du?

  5. Vurder ulike dyrkingsmetodar for gulrot både på eit jorde og i ein kjøkkenhage.

  6. Kva kan vi gjere under oppalet for å redusere faren for stokkrenning i selleri?

  7. Set opp eit skjema med tidspunkt for såing, prikling og forventa planting av selleri.

  8. Finn ut kva sjukdommar som kan gjere skade på selleri.

  9. Knollselleri har trådforma blad. Finn ut kva for nokre andre grønsaksvekstar/urter som har same type blad.

  10. Kvifor kan det vere utfordrande å få god kvalitet på knollfennikel, og kva kan du gjere for å sikre god kvalitet ved hausting?

Påskeliljefamilien

  1. Finn ut kva som er eit naturleg livsløp for ein kepalauk.

  2. Korleis kan vi vurdere om kepalauk er klar for hausting?

  3. Kvifor er det viktig at kepalauk har jamn tilgang på vatn gjennom vekstsesongen?

  4. Kepalauk har dårleg dekkevne. Etter kva vekstar kan det vere gunstig å dyrke kepalauk med tanke på ugras?

  5. Kvifor kan det vere viktig å tørke lauken med blada på?

  6. Kvifor er det viktig å toppe purren under oppalet?

  7. Dersom du skal plante purre i midten av mai, som er cirka i veke 20, når ville du då starta oppalet?

  8. Kva krav bør vi stille til ein god purresort med tanke på at vi skal radreinske med maskin?

  9. Finn ut om det finst nokre sjukdommar på purre som kan gjere skade under lagring.

Korsblomsterfamilien

  1. Kva er det matnyttige produktet hos hovudkål, blomkål, brokkoli og kinakål?

  2. Korleis påverkar høg sommartemperatur danninga av hovudet i hovudkål?

  3. Kvifor er hovudkål mindre utsett for uttørking enn kinakål?

  4. Finn ut korleis vi kan bruke hovudkål i kosthaldet vårt.

  5. Korleis bør temperaturen vere under oppal av blomkål?

  6. Beskriv optimale vekstforhold for blomkål.

  7. Korleis bør blomkål behandlast etter at han er skoren?

  8. Kva meiner vi når vi seier at kinakål ikkje har ungdomsfase?

  9. Kva kan vi gjere for å unngå stokkrenning i kinakål?

  10. Kva kan bladrandskade i kinakål komme av?

Korgplantefamilien

  1. Finn ut kvifor det er gunstig å bruke torvblokk under oppal av salat.

  2. Kvifor er det vanleg å bruke plast ved salatdyrking?

  3. Korleis vil du bevare kvaliteten på salat best mogleg etter hausting?

Erteblomsterfamilien

  1. Kva dyrkingsmåtar kan vere aktuelle for bønner i ein kjøkkenhage?

  2. Kva er det som gjer at vi kan gi erter og bønner minimalt med nitrogen?

Amarantfamilien

  1. Kva dyrkingsmåtar er aktuelt for raudbete?

  2. Finn ut kva måtar vi kan bruke raudbetar på i kosthaldet vårt. Korleis vi kan kjøpe raudbetar i butikken?

Skrive av Per Spangen.
Sist oppdatert 17.12.2024