Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Trendar

Kvar einaste dag dukkar det opp nye ting som fangar merksemda vår på sosiale medium – anten ein ny energidrikk, eit reisemål som går viralt på TikTok eller ein ny type overvakingskamera. Men det er viktig å skilje mellom det vi kallar ein hype og ein trend når vi skal utvikle ein forretningsmodell.

Kva er ein trend?

Ein hype er noko som blir ekstremt populært i løpet av nokre veker eller månader, før alle plutseleg blir leie og går vidare til neste ting. Ein trend derimot stikk mykje djupare. Det er eit langsiktig utviklingstrekk i samfunnet som endrar måten vi lever, tenker og handlar på over fleire år. Eit døme er det auka fokuset på gjenbruk og reparasjon. Det starta ikkje som ei kjapp utfordring på nett, men har vakse fram over tid fordi verdiane våre har endra seg.

Globale megatrendar som treffer oss lokalt

Trendar startar ofte som store, verdsomspennande megatrendar som etter kvart treffer oss med full kraft i lokalmiljøet vårt. Akkurat no er det særleg tre store trendar som lokale bedrifter må ta omsyn til:

Det grøne skiftet

Klimakrisa endrar vala vi gjer kvar einaste dag. Forbrukarane ventar og krev at lokale bedrifter tek ansvar. Det betyr at om du skal starte ei bedrift i dag, må du levere klimavennlege løysingar. Denne trenden tvingar òg fram sirkulær tenking. I staden for den gamle bruk-og-kast-logikken må lokale bedrifter utvikle forretningsmodellar basert på gjenbruk, reparasjonar, pantesystem, innbyteordningar eller utleige.

BUA er eit døme på ei stifting med ein forretningsmodell som fokuserer både på miljømessig og sosial berekraft. Hos BUA kan alle låne utstyr til aktivitetar og friluftsliv gratis. Dette er gunstig for miljøet sidan fleire kan bruke det same utstyret, og for det sosiale sidan fleire har anledning til å bli fysisk aktive.

Eit anna døme på ei verksemd med ein forretningsmodell som fokuserer på berekraft og miljø, er Reko-ringen. Dei har gardsutsal utan mellomledd. Kortreist mat reduserer transport og bidreg til lokale arbeidsplassar.

Digitalisering og kunstig intelligens (KI)

Digitalisering er ein trend som endrar korleis vi jobbar. Det handlar om alt frå smarte appar som gjer det enkelt å dele ressursar – som Tise eller Too Good To Go – til automatisering av administrative oppgåver med KI. Ny teknologi gjer at lokale bedrifter kan samarbeide tettare, jobbe meir effektivt og nå kundar på heilt nye måtar – uavhengig av kvar i landet bedrifta held til.

Demografiske endringar

Befolkninga vår endrar seg drastisk. Vi blir stadig fleire eldre, samtidig som mange unge flyttar inn mot større knutepunkt og byar. Lokalt betyr dette at kundegruppa til bedriftene endrar seg. Eldre har i dag betre råd, betre helse og meir fritid enn før, og dei etterspør heilt andre tenester. Forretningsmodellar må derfor tilpassast ei aldrande befolkning – anten det handlar om tilrettelagde opplevingar i reiselivet eller nye tryggleikstenester i vaktbransjen.

Korleis trendane endrar dei lokale forretningsmodellane

Som gründer eller bedriftseigar er du heilt avhengig av å kunne få med deg trendane i tide. Om du bygger ein heil forretningsmodell rundt ein kortvarig hype, risikerer du at kundegrunnlaget ditt forsvinn over natta.

Når du forstår dei djupare trendane, skjønner du òg kva kundane dine vil ønske å kjøpe i framatida, og kva for krav samfunnet kjem til å stille til bedrifta di. Å kjenne trendane er den beste forsikringa di mot å starte ei bedrift som går ut på dato før ho i det heile har komme skikkeleg i gang.

Tenk over

Korleis påverkar dagens trendar berekraft og miljø?

Trendar innan varehandel

Innan varehandel opplever vi eit skifte mot sirkulære forretningsmodellar. Forbrukarane krev kvalitet framfor kvantitet. Ein av dei sterkaste trendane er færre klesplagg med høg kvalitet som lett kan kombinerast, og at butikkar tilbyr utleige, reparasjonstenester eller pant på brukte klede og utstyr.

Dette fører til ei tydeleg bransjegliding der tradisjonelle butikkar ikkje lenger berre driv med reint sal, men òg tek rolla som servicebedrifter ved å tilby skreddar- og verkstadstenester under eige tak.

Trenden kan hjelpe til med å redusere det enorme miljøavtrykket frå kles- og utstyrsproduksjon. Forretningsmodellar blir frå endra frå "å selje flest mogleg billige produkt" til "å selje langvarig kvalitet og service".

Døme

Bergans

Den norske friluftsaktøren har endra delar av verksemda si dei siste åra. Dei har starta med utleige av klede (særleg vintertøy og turklede til barn, som veks fort), og dei tilbyr reparasjon av brukte jakker og sekker. Dei har òg ei ordning der kundar kan levere inn brukte Bergans-produkt mot eit gåvekort. Desse brukte kleda blir deretter reparerte og selt vidare på deira eigen bruktmarknad.

Les meir om "Et mer ansvarlig friluftsliv" på Bergans.com.

IKEA

Møbelkjeda har innført ei panteordning i varehusa sine. Kundar kan sjekke verdien på det brukte IKEA-møbelet sitt på nettsida, levere det inn til butikken og få ein tilgodelapp i retur. IKEA sel så møbelet vidare i gjenbrukshjørnet sitt til same pris som dei gav kunden i innbyte. Målet er å auke levetida på produkta og knyte kundane tettare til butikken.

Les meir om "En bærekraftig hverdag" på Ikea.no.

Trendar i reiselivsbransjen

Reisande blir stadig meir bevisste og selektive. Vi ser ei stor dreiing bort frå masseturisme og over til "off the beaten track"-opplevingar. Folk søker unike, mindre kjende destinasjonar der dei får ro og nærleik til lokal natur. Hotell utviklar seg til eigne destinasjonar med sterkt fokus på velvære, lokal mat og kultur.

For å støtte opp under denne spreiinga av turistar tek reiselivsaktørar i bruk kunstig intelligens (KI) for å gi reisande skreddarsydd informasjon om lokaltransport og navigasjon direkte på mobilen, noko som gjer det enklare å finne fram til mindre kjende reisemål på eiga hand.

Denne trenden gir ein positiv effekt på miljøet sidan turiststraumen blir fordelt betre utover landet og året, i staden for å overbelaste sårbare naturperler i korte høgsesongar. Når smarte, digitale verktøy hjelper dei reisande med å spreie seg meir effektivt i distrikta, blir slitasjen redusert på knutepunkta til det klassiske reiselivet, samtidig som det skaper meir berekraftig vekst for lokale aktørar.

Døme

Juvet Landskapshotell

Hotellet er bygd med tanke på minimal påverknad av naturen. I staden for éi stor bygning, består hotellet av små, frittståande rom på styltar som er plasserte varsamt i terrenget utan å skade landskapet rundt. Forretningsmodellen baserer seg på å selje ro, arkitektur og natur til turistar som ønsker opplevingar med lågt klimaavtrykk.

Les "Legg hverdagen bak deg" på Juvet.com.

Hurtigruten

Selskapet har fasa ut tungolje på fleire av skipa sine til fordel for hybrid- og batteridrift for å redusere utsleppa langs kysten. Dei har òg endra innkjøpsmodellen sin slik at store delar av maten som blir servert om bord, blir kjøpt direkte frå lokale leverandørar i hamnene skipa besøker. Dette reduserer transportavstanden og støttar lokalt næringsliv.

Les meir om "Berekraft" på hurtigruten.com.

Den KI-baserte reiseassistenten Aviguide

Reiselivsnæringa bruker i dag kunstig intelligens (KI) for å forbetre passasjerflyten og gi reisande ei meir saumlaus oppleving på farten. Eit døme på dette er Avinors samarbeid med konsulentselskapet Variant om å utvikle den digitale reiseassistenten Aviguide. Løysinga blei først lansert på Tromsø lufthamn for å hjelpe passasjerar med udekt informasjonsbehov knytt til mellom annan transport, navigasjon, innsjekk og bagasjeuthenting.

Gjennom ein KI-basert chat kan dei reisande få umiddelbare og tilpassa svar på mobilen, noko som bidreg til å redusere kødanningar i kritiske område på flyplassen. Dette viser korleis reiselivsaktørar endrar servicemodellen sin ved å flytte enkle rutineførespurnader over til digitale assistentar. For Avinor har integreringa òg påverka kundeservicen på nett der KI-chatten har avlasta den manuelle saksbehandlinga. Resultatet for næringa er ei meir effektiv drift og frigjorde menneskelege ressursar, samtidig som dei reisande får raskare hjelp uavhengig av kor mange som er på terminalen samtidig.

Les meir om "Avinor: Lettere reise med kunstig intelligens" på variant.no

Trendar i sikkerheitsbransjen

Sikkerheitsbransjen handlar i aukande grad om ein kombinasjon av menneske og teknologi. Smarte kamerasystem med kunstig intelligens (AI), dronar og sensorar gjer at vi kan overvake område digitalt. I staden for at ein vektar køyrer faste rundar med bil heile natta, rykker dei berre ut når teknologien melder om reelle avvik. Rolla til vektaren har òg bevega seg meir mot service, som tryggleiksassistanse og førstehjelp i lokalmiljøet.

Digitale system og behovsstyrte uttrykkingar reduserer CO2-utsleppa frå vektarbilar. Det gir òg ein sosial berekraftsgevinst ved at vektarar kan fokusere meir på førebygging og menneskeleg tryggleik.

Døme

Securitas

Sikkerheitsbransjen bruker i dag kunstig intelligens (KI) for å gjere vakthaldet meir treffsikkert, som i systemet Securitas Connect. I staden for at ein operatør må sitje og følge med på hundrevis av videoskjermar samtidig, lærer smarte algoritmar seg kva som er vanlege bevegingsmønster på det aktuelle området.

Viss systemet oppdagar uvanleg aktivitet om natta, til dømes at nokon oppfører seg mistenkeleg rundt ei varelevering, blir det utløyst eit varsel direkte til alarmsentralen. Operatøren kan då straks opne videostraumen for å sjekke om det er eit igangverande innbrot eller berre ein falsk alarm forårsaka av eit dyr eller vind. Fysiske vektarar blir dermed sende ut berre når teknologien bekreftar at det faktisk er behov for hjelp på staden.

Dette endrar forretningsmodellen frå tradisjonelt, manuelt vakthald til ein og datadriven tryggingsteneste. For lokalmiljøet betyr dette at Securitas unngår unødvendig bilkøyring for å sjekke falske alarmar, noko som reduserer CO2-utsleppa. Samtidig sikrar det at vektarane er ledige og tilgjengelege der og då når ein akutt situasjon faktisk oppstår.

Les meir om "SMB-norges fremste sikkerhetspartner, Securitas Connect" på Securitas.no.

Trendar innan service og administrasjon

Service- og administrasjonsarbeidarar har gått gjennom ein digital revolusjon med KI-assistentar og skybaserte verktøy. Manuelle rutinar, fysiske arkiv og papirfakturaer er i praksis borte. Samtidig gjer fleksible løysingar med heimekontor og digitale møte at bedrifter kan administrerast frå kvar som helst.

Denne trenden medfører ein reduksjonen av papirforbruk, noko som sparer skog og energi. I tillegg fører digitale møte og kurs til ein reduksjon i reiseverksemd og tilhøyrande klimagassutslepp. Bruk av kunstig intelligens (KI) til å analysere og optimalisere ressursbruk, som energiforbruk i bygg eller transportruter, gir ytterlegare miljøgevinstar. Likevel krev drifta av KI store mengder energi og vatn til datasenter, noko som betyr at den positive effekten i administrasjonen må vegast opp mot det auka digitale fotavtrykket.

Døme

Statens vegvesen

Administrasjonen i Statens vegvesen må dagleg forhalde seg til omfattande og komplekse tekniske regelverk, spesielt dei såkalla vegnormalane som styrer alt av vegarbeid og trafikksikring i Noreg. For å fjerne tunge, manuelle oppslag i fysiske permar og PDF-arkiv har etaten utvikla sin eigen interne, generative KI-assistent kalla KIBOK (Håndbokchatten).

I staden for at saksbehandlarar og ingeniørar bruker timar på å leite etter spesifikke krav til sikring eller skiltplassering, kan dei stille spørsmål i vanleg tekst og få presise svar og oppsummeringar basert på regelverket i løpet av sekund. Dette tiltaket sparer store mengder administrasjonstid, sikrar ein meir føreseieleg og einsarta saksbehandling, og gjer at heile organisasjonen kan drivast digitalt.

Les meir i "Håndbokchatten – Generativ KI i Statens vegvesen" på tankesmiengoforit.no.

Nav

Nav handterer årleg millionar av søknader, og har teke i bruk avanserte digitale saksbehandlingssystem for å fjerne papirmøller og manuelle rutinar. Eit av dei største prosjekta er det digitale vedtakssystemet Speil, som blir brukt til å behandle søknader om sjukepengar. Systemet fungerer slik at det automatisk hentar inn og analyserer data frå mellom anna digitale sjukmeldingar og inntektsmeldingar.

Over halvparten av alle søknadene blir no behandla heilt automatisk utan menneskeleg innblanding. Dersom systemet oppdagar uvanlege avvik eller sårbarheiter, blir saka flagga med eit "varsel" og blir send over til ein saksbehandlar, som får presentert eit ferdig KI-generert utkast til vedtak. Dette har kutta saksbehandlingstida dramatisk – dei fleste får svar same dag – og har i praksis fjerna postgang, fysiske mapper og unødvendig kontorarbeid.

Les meir om "Automatisk behandling av søknader i Nav" på nav.no

Diskuter

Korleis kan de bruke dagens trendar til å gjere forretningsmodellen til ungdomsbedrifta mest mogleg berekraftig?

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 06.08.2026