I denne oppgåva skal de bruke Business Model Canvas til å utvikle ein forretningsmodell for éin av casane nedanfor. Målet er å vise korleis verksemda kan skape verdi for kundane og samtidig vere økonomisk, sosialt og miljømessig berekraftig.
Teikn opp Business Model Canvas på ein stor plakat, eller bruk ei utskrift.
Bruk post-it-lappar til å fylle ut dei ni felta i Business Model Canvas. Då kan de enkelt endre og forbetre forretningsmodellen undervegs.
Bruk internett for å finne informasjon om marknaden, konkurrentar, kundar og moglege samarbeidspartnarar.
Førebu ein presentasjon på 5–7 minutt der de forklarer forretningsmodellen.
Case 1: " FarOut" – øyhopping på Sørlandet
Sørlandet er kjent for vakker skjergard med små uthamner, holmar og skjer. De ønsker å starte bedrifta FarOut, som tilbyr guida øyhoppingsturar med havkajakk.
Pakketurane kan inkludere
guide
kajakk
telt eller hengekøye
turutstyr
mat og drikke
transport av bagasje
Tenk over
Kven er målgruppa?
Kva gjer tilbodet unikt?
Korleis kan turane gjennomførast på ein miljøvennleg måte?
Case 2: Lokalavis
Mange lokalaviser opplever færre abonnentar på papir, men fleire digitale lesarar. Vel ei lokalavis de kjenner, og lag ein ny og berekraftig forretningsmodell.
Tenk over
Korleis kan avisa få fleire abonnentar?
Kva for digitale tenester kan de tilby?
Korleis kan avisa bli viktigare for lokalsamfunnet?
Kva for inntektskjelder kan utviklast?
Case 3: Vaktselskap
De ønsker å starte eit nytt vaktselskap som dekker framtidige behov i nærmiljøet.
Tenk over
Kven treng vakttenester?
Kva for tenester skal de tilby (vektartenester, arrangementssikkerheit, alarmutrykking, digitale sikkerheitsløysingar og så vidare)?
Korleis kan de skilje dykk ut frå konkurrentane?
Korleis kan verksemda drivast på ein berekraftig måte?