Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Forretningsplan

Ein forretningsplan er eit viktig verktøy når du skal starte og utvikle ei verksemd. Han bygger vidare på forretningsmodellen og beskriv korleis idéen skal gjennomførast i praksis – frå marknad og marknadsføring til økonomi og finansiering.

Frå idé til gjennomføring

Ein god forretningsidé kan vere starten på ei ny verksemd. For å lykkast må idéen dekke eit behov eller løyse eit problem for kundane. Når vi har utvikla ein forretningsidé, må vi undersøke om han kan bli lønnsam og gjennomførbar i praksis. Derfor utviklar vi ein forretningsmodell som viser korleis verksemda skal skape verdi for kundane og samtidig generere inntekter.

Forretningsplanen bygger vidare på forretningsmodellen og beskriv korleis verksemda skal gjennomførast i praksis. Han fungerer som eit viktig styringsverktøy, spesielt i oppstartsfasen, og gir ei oversikt over mellom anna marknaden, marknadsføringa, organiseringa og økonomien i verksemda.

Å utvikle ein forretningsplan handlar ikkje berre om å skrive sjølve dokumentet – det handlar òg om å forstå kva som skal til for å gjere ein idé til ei fungerande og berekraftig verksemd. Gjennom arbeidet med planen vurderer vi moglegheiter, utfordringar og ressursbehov, slik at verksemda får eit betre grunnlag for å lykkast.

Kva er ein forretningsplan?

Ein forretningsplan er ein skriftleg plan for korleis ei verksemd skal etablerast, drivast og utviklast. Han samlar dei viktigaste vurderingane og avgjerdene som er nødvendige for å nå målet for verksemda.

Planen fungerer både som eit arbeidsverktøy for gründeren og som informasjon til personar eller verksemder som vurderer å investere i eller samarbeide med bedrifta. Ein gjennomarbeidd forretningsplan gjer det enklare å identifisere moglegheiter, handtere utfordringar og ta gode avgjerder undervegs.

Ein forretningsplan bør mellom anna innehalde:

  • beskriving av forretningsidéen

  • mål og strategi for verksemda

  • analyse av marknaden og konkurrentane

  • oversikt over produkt

  • beskriving av kundegruppa

  • plan for marknadsføring og sal

  • organisering og nødvendige ressursar

  • budsjett og finansieringsbehov

  • planar for vidare utvikling og vekst

Ein viktig del av arbeidet er å gjere tydeleg konkurransefortrinnet for verksemda. Det betyr å forklare kva som gjer verksemda attraktiv for kundane, og kvifor dei skal velje denne løysinga framfor alternative tilbod i marknaden.

Hugs at planen ikkje er eit statisk dokument som aldri skal endrast. Når du får ny kunnskap om kundane, marknaden eller økonomien, bør du oppdatere planen.

Kvifor lage ein forretningsplan?

Arbeidet med ein forretningsplan handlar om meir enn å beskrive verksemda i eit dokument. Prosessen gir deg anledning til å teste idéar, samle informasjon og vurdere om verksemda har gode føresetnader for å lykkast.

Gjennom arbeidet må du ta stilling til viktige spørsmål: Kven er kundane? Korleis skal verksemda tene pengar? Kva for utfordringar kan oppstå? Slik får du eit betre grunnlag for å vurdere moglegheiter og risiko før du investerer tid og ressursar.

Ein gjennomarbeidd forretningsplan gir eit godt avgjerdsgrunnlag og gjer det lettare å styre utviklinga av verksemda. Han kan òg brukast til å presentere verksemda for investorar, bankar og andre samarbeidspartnarar.

Ein forretningsplan bør òg vise korleis verksemda skal skape verdiar på ein berekraftig måte. Derfor er berekraft eit viktig tema i planarbeidet.

Berekraft som ein del av forretningsplanen

Berekraft handlar om å skape verdiar på ein måte som tek omsyn til både menneske, miljø og økonomi. Derfor bør berekraftsperspektivet vere integrert i heile verksemda allereie frå oppstarten.

I forretningsplanen bør du vise korleis verksemda skal

  • bruke ressursar effektivt og ansvarleg

  • redusere negativ miljøpåverknad

  • bidra til gode arbeidsforhold og eit inkluderande arbeidsmiljø

  • sikre ein sunn økonomi og langsiktig lønnsemd

Ved å tenke berekraftig frå starten av kan verksemda vere betre rusta til å møte framtidige krav og forventningar frå kundar, styresmakter og samarbeidspartnarar. Samtidig kan berekraftige løysingar bidra til innovasjon, styrke omdømmet for verksemda og gi eit konkurransefortrinn i marknaden.

Forretningsplanen som presentasjons- og salsverktøy

Forretningsplanen er ikkje berre eit internt styringsverktøy. Han er òg viktig når verksemda skal presenterast for potensielle investorar, långivarar eller samarbeidspartnarar.

Dersom du søker finansiering, etablerarstøtte eller nye samarbeidspartnarar, vil dei ofte ønske innsyn i planane dine. Ein gjennomarbeidd forretningsplan viser at du har vurdert marknaden, økonomien og ressursbehovet, og at verksemda har eit realistisk grunnlag for å lykkast.

Derfor bør forretningsplanen tydeleg forklare kva verksemda tilbyr, kven kundane er, korleis verksemda skal skape inntekter, og kva for ressursar som er nødvendige for å nå måla. På den måten blir forretningsplanen både eit arbeidsverktøy og eit viktig presentasjons- og salsverktøy.

Disposisjon til utarbeiding av ein forretningsplan

I vedlagde fil nedanfor finnar du ein disposisjon til ein forretningsplan som er utarbeidd av Altinn.no.

Kjelde

Altinn. (u.å.). Forretningsmodell og forretningsplan. Henta 8. juli 2026 frå https://info.altinn.no/starte-og-drive/starte/for-oppstart/forretningsmodell/forretningsplan/

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 08.07.2026