Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Tal og trendar

Kva kan statistikk fortelje oss om trendar og samfunnsutvikling, og korleis bør vi ta omsyn til trendane når vi utviklar ein forretningsmodell?

Oppgåve 1: Sikkerheitsbransjen

Kvart år gir NHO ut bransjestatistikk for ulike bransjar – utgivinga Tall og Trender. Gå inn på NHO si nettside "Sikkerhet og beredskap" og bruk søkefunksjonen til å finne den nyaste Tall og trender: Sikkerhet og beredskap.

  1. Les NHO si eiga forklaring for det siste året, og drøft korleis samfunnsutviklinga påverkar vaktverksemdbransjen.

  2. Finn ut korleis utviklinga har vore frå i fjor når det gjeld talet på gonger vektarar har

    • gitt tryggleiksassistanse

    • levert melding på vegner av kundar

    • gitt førstehjelp

    • redda liv

Oppgåve 2: Varehandel

Gå inn på "Bransjerapport Handel" hos NHO Service og handel.

  1. Finn ut kva for næringar som har hatt størst vekst, og kva for nokon av dei som har hatt størst reduksjon i omsetning det siste året.

  2. Kva kan du seie noko om trendar i varehandelen hos NHO ut frå statistikkane?

  3. Korleis ville du ha teke omsyn til trendane om du skulle ha utvikla ein forretningsmodell innan varehandel? Grunngi svaret.

Oppgåve 3: Reiselivsbransjen

  1. Sjå tal frå reiselivsbransjen frå 2019-filmen nedanfor (lengde 01:30):

Video: NHO Reiseliv / CC BY-NC-SA 4.0
Nøkkeltal for norsk reiseliv 2019 – tekstsamandrag av filmen

Norsk reiseliv står for ei verdiskaping på 85 milliardar kroner, og 12 milliardar er frå overnatting, 11 milliardar frå opplevingar og kultur, 3 milliardar frå formidling, 39 milliardar frå transport og 20 milliardar frå servering.

I 2018 var det registrert 34 millionar overnattingar i Noreg. Av desse stod nordmenn for 24 millionar.

Reisande legg igjen 177 milliardar kroner i Noreg, som svarer til 485 millionar per dag.

Norsk reiseliv er viktig for sysselsetjinga og bidreg med arbeidsplassar i alle kommunane i landet, med til saman 175 000 tilsette.

Reiseliv er ein viktig ungdoms- og integreringsnæring. I overnatting og servering er 34 prosent under 24 år, mens talet totalt i alle næringar er 12 prosent. 43 prosent av dei som arbeider i overnattings- og serveringsnæringa, har utanlandsk bakgrunn, mens gjennomsnittstalet er 16 prosent for alle næringane.

Den globale turismen kjem til å vekse med 50 prosent frå 2017 og innan 2030. Med dei rette rammevilkåra vil norsk reiseliv klare å ta sin del av veksten, noko som vil gi Noreg mange fleire arbeidsplassar.

  1. Gå inn på "Innsikt" på Visit Norway og finn tilsvarande tal for i år eller i fjor.

  2. Samanlikn tala og forklar utviklinga i reiselivsnæringa.

  3. Kva er dei viktigaste trendane du ser i statistikkane som du meiner det er viktig å ta omsyn til om du skal starte ei reiselivsverksemd? Grunngi svaret.

Oppgåve 4: Service og administrasjon

Gå inn på "Tall og fakta" hos NHO Service og Handel og sjå spesielt på rapportane og statistikken for "Bemanning og rekruttering" eller "Drift og service" . Desse bransjane omfattar mange arbeidsplassar for deg som service- og administrasjonsmedarbeidar.

  1. Svar på spørsmåla nedanfor:

    • Kva for utviklingstrekk finn du i den bransjen du har valt?

    • Kva for kompetansar trur du blir viktigast for ein service- og administrasjonsmedarbeidar i åra som kjem? Grunngi svaret med utgangspunkt i statistikken og rapportane.

    • Kva for utfordringar og moglegheiter peiker rapportane på for verksemder innan service og administrasjon?

    • Dersom du skulle ha utvikla ei ny verksemd som tilbyr administrative tenester eller servicetenester til andre bedrifter, korleis ville du teke omsyn til trendane i bransjen? Grunngi svaret.

  2. Diskuter

    • Korleis kan digitalisering, kunstig intelligens og auka krav til kundeservice påverke arbeidsoppgåvene til ein service- og administrasjonsmedarbeidar dei neste fem åra? Grunngi med eigne refleksjonar og informasjon frå rapportane.

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 10.07.2026