Har du nokon gong hatt ein kjempegod idé til noko du ville lage eller selje og tenkt: "Dette kjem eg til å bli rik på"? Det å ha ein god idé er ein spennande start, men for at idéen skal bli til ei lønnsam bedrift, treng du ein plan for korleis alt skal gjerast.
Ein forretningsmodell viser kva du må gjere for at bedrifta di faktisk skal tene pengar. Mange som startar bedrift, fokuserer for mykje på sjølve produktet og gløymer å tenke ut korleis dei skal skape ei lønnsam bedrift.
Forretningsmodellen hjelper deg med å få eit overblikk over alle delane av verksemda di. Han viser kven kundane dine er, korleis du skal nå ut til dei, og kva for ressursar du treng for å få drifta til å gå rundt.
Forretningsmodellen er ein overordna plan, ofte på berre éi side. Forretningsplanen derimot er eit større og meir detaljert dokument som tek for seg alt det praktiske rundt oppstarten, som detaljerte budsjett, marknadsanalysar og tidslinjer for dei neste åra.
Vegen til ein god forretningsmodell krev ofte fleire utkast. Det er lurt å teste idéane dine på andre, ta imot tilbakemeldingar og justere modellen undervegs. Når han er ferdig, har du eit av dei viktigaste verktøya for å lykkast med bedrifta di.
Døme på spørsmål som forretningsmodellen skal gi svar på
Kva verdi gir produktet til kundane dine, og kva gjer det så unikt at dei vil komme tilbake?
Kven er kundane dine, og kven er dei viktigaste målgruppene dine?
Korleis skal du nå ut til kundane, og korleis skal produktet seljast og distribuerast?
Korleis skal du pleie forholdet til kundane?
Korleis skal du ta betalt, og korleis gjenspeglar prisen den verdien kunden får?
Kva for ressursar og kva for utstyr er nødvendig for å kunne levere dette produktet?
Kva er dei viktigaste oppgåvene du må gjere for å halde drifta i gang?
Kven er dei viktigaste samarbeidspartnarane dine, og korleis kan de hjelpe kvarandre?
Kva for nokon faste og variable kostnader vil bedrifta ha?
Business Model Canvas er eit populært verktøy for å utvikle og visualisere ein forretningsmodell. Ein av dei største fordelane med denne modellen er at han gir deg full oversikt over heile verksemda på berre éi side. Dette oversiktsbiletet gjer det lettare å sjå korleis dei ulike delane av bedrifta heng saman og påverkar kvarandre.
Business Model Canvas
Modellen består av ni unike element som du skal kartlegge og fylle ut. Denne kartlegginga gir deg eit klart bilete av korleis du skal produsere, selje og distribuere produktet til eit bestemt kundesegment. I tillegg gir Business Model Canvas deg eit solid grunnlag for å vurdere om konseptet ditt faktisk er levedyktig, og om det vil skape nok inntekter til at bedrifta kan overleve og vekse.
Kva du skal beskrive under kvar byggekloss
1. Verdiløfte
Kva slags verdi skal du gi til kundane dine, og kva for problem skal du løyse for dei? Hugs at kundane kjøper nytteverdien av eit produkt. Til dømes kjøper vi ein sjampo for å få reint hår. Helst skal håret òg skine, lukte godt og bli beskytta. Dette er tilleggsverdiar du kan beskrive for å få kunden til å velje nettopp ditt produkt.
2. Kundesegmentet
Kven skaper du verdi for, og kven er dei viktigaste kundane dine?
3. Kanalar
Korleis skal produktet ditt nå ut til kundane, og korleis skal det seljast og distribuerast? Er det til dømes frå ein eigen nettbutikk, via eit mellomledd eller direkte frå ein fysisk butikk?
4. Kunderelasjon
Korleis skal du skaffe kundar, pleie forholdet til dei og få bedrifta til å vekse? Det handlar om korleis du samhandlar med kundane dine. Du kan til dømes velje å ha tett personleg oppfølging, eller du kan opprette ein kundeklubb med eksklusive fordelar for å sikre at kundane blir verande hos deg over tid. God vareprat, som gjer at eksisterande kundar tilrår deg vidare, er òg ein viktig del av dette.
5. Ressursar
Kva er dei viktigaste ressursane du treng for å lykkast i oppstartsfasen? Døme kan vere pengar, patent, fysisk utstyr som pc-ar og maskiner og menneskelege ressursar.
6. Samarbeidspartnarar
Kva for nokon eksterne aktørar bør du må samarbeide med for å få det til? Døme er leverandørar, Innovasjon Norge, Etablerersenteret eller andre strategiske partnarar som hjelper dykk med å utføre kjerneverksemda.
7. Inntektsstraum
Kva for inntekter forventar du? Det kan til dømes vere inntekter frå faste abonnement, stykkpris-sal eller utleige.
8. Kostnadsstruktur
Kvar kjem kostnadene dine frå? Ta òg med kva det vil koste dersom du skal oppskalere verksemda. Det er viktig å sjå dette elementet i samanheng med inntektsstraumen, slik at kostnadene ikkje overstig inntektene.
9. Aktivitetar
Korleis vil du beskrive dei oppgåvene og aktivitetane som er heilt nødvendige for at du skal kunne produsere og selje produktet ditt? Du skal berre ta med dei aktivitetane som skal gå føre seg internt i bedrifta, og som du kontrollerer sjølv. Eit døme kan vere utvikling av spel, programvare eller design som du er ansvarleg for. Dette elementet må du òg sjå i samanheng med inntektsstraum og kostnadsstruktur: Kva kostar nøkkelaktivitetane, og har du kapasitet til å utføre dei sjølv og samtidig oppnå den kvaliteten du ønsker?
Døme på bruk av Business Model Canvas
Nedanfor ser du eit døme på korleis eit hytteutleigefirma kan bruke modellen til å planlegge forretningskonseptet sitt.
Innovasjon i forretningsmodellen handlar ikkje nødvendigvis om å finne opp ein ny teknologi. I dømet nedanfor handlar det om å skape ekstra verdi ved å kople to ulike bransjar saman.
Døme: Ein bilforhandlar som tenker nytt
Ved å sjå på ein trafikkskule og ein bilforhandlar som ein heilskap kan vi tilby rimelegare køyreopplæring for kundane våre fordi vi deler på kostnadene. Dette gjer tilbodet meir attraktivt for familiane, samtidig som vi har anledning til å kunne få lojale kundar for framtida.
Om vi eig ein stor bilforhandlar, kan vi lage ein spennande nyskapning ved å starte vår eigen trafikkskule, og kople han direkte opp mot bilforhandlarane våre.
Bruke ressursar vi allereie har
Trafikkskulen kan bruke bilar som allereie står på lageret til bilforhandlaren, og vi kan bruke møteromma hos bilforhandlaren til å halde den obligatoriske teoriundervisninga. Sidan vi allereie eig lokale og bilar, sparer vi store oppstartskostnader som vanlege trafikkskular må betale for, og kan derfor tilby lågare prisar til elevane.
Rullande reklame i gatene
Sidan skulebilane har namnet til bilforhandlaren godt synleg på seg, fungerer kvar einaste køyretime som gratis reklame på vegane. Bilane blir som køyrande plakatar som viser fram bedrifta vår til alle andre i trafikken kvar einaste dag.
Treffe kundane våre tidlegare
Ungdommar som skal ta førarkortet, er jo dei same personane som om få år skal kjøpe sin aller første bil. Ved å gi dei ei god oppleving på vår eigen trafikkskule, bygger vi ein relasjon til dei og gjer dei kjende med bilmerka våre lenge før dei i det heile begynner å sjå etter ein bil.
Invitere foreldra inn
Når foreldra kjem innom bilforhandlaren vår for å hente eller bringe ungdommane, blir dei automatisk potensielle kundar. Mens dei ventar i utstillingslokalet vårt, kan vi komme i kontakt med dei, tilby prøvekøyring av nye modellar, eller gi tilbod på innbyte av den bilen dei eig i dag.