Tal og trendar

Oppgåve 1: Sikkerheitsbransjen
Kvart år gir NHO ut bransjestatistikk for ulike bransjar – utgivinga Tall og Trender. Gå inn på NHO si nettside "Sikkerhet og beredskap" og bruk søkefunksjonen til å finne den nyaste Tall og trender: Sikkerhet og beredskap.
Les NHO si eiga forklaring for det siste året, og drøft korleis samfunnsutviklinga påverkar vaktverksemdbransjen.
Finn ut korleis utviklinga har vore frå i fjor når det gjeld talet på gonger vektarar har
gitt tryggleiksassistanse
levert melding på vegner av kundar
gitt førstehjelp
redda liv
Oppgåve 2: Varehandel
Gå inn på "Bransjerapport Handel" hos NHO Service og handel.
Finn ut kva for næringar som har hatt størst vekst, og kva for nokon av dei som har hatt størst reduksjon i omsetning det siste året.
Kva kan du seie noko om trendar i varehandelen hos NHO ut frå statistikkane?
- Korleis ville du ha teke omsyn til trendane om du skulle ha utvikla ein forretningsmodell innan varehandel? Grunngi svaret.
Oppgåve 3: Reiselivsbransjen
Sjå tal frå reiselivsbransjen frå 2019-filmen nedanfor (lengde 01:30):
Gå inn på "Innsikt" på Visit Norway og finn tilsvarande tal for i år eller i fjor.
Samanlikn tala og forklar utviklinga i reiselivsnæringa.
Kva er dei viktigaste trendane du ser i statistikkane som du meiner det er viktig å ta omsyn til om du skal starte ei reiselivsverksemd? Grunngi svaret.
Oppgåve 4: Service og administrasjon
Gå inn på "Tall og fakta" hos NHO Service og Handel og sjå spesielt på rapportane og statistikken for "Bemanning og rekruttering" eller "Drift og service" . Desse bransjane omfattar mange arbeidsplassar for deg som service- og administrasjonsmedarbeidar.
Svar på spørsmåla nedanfor:
Kva for utviklingstrekk finn du i den bransjen du har valt?
Kva for kompetansar trur du blir viktigast for ein service- og administrasjonsmedarbeidar i åra som kjem? Grunngi svaret med utgangspunkt i statistikken og rapportane.
Kva for utfordringar og moglegheiter peiker rapportane på for verksemder innan service og administrasjon?
Dersom du skulle ha utvikla ei ny verksemd som tilbyr administrative tenester eller servicetenester til andre bedrifter, korleis ville du teke omsyn til trendane i bransjen? Grunngi svaret.
Diskuter
Korleis kan digitalisering, kunstig intelligens og auka krav til kundeservice påverke arbeidsoppgåvene til ein service- og administrasjonsmedarbeidar dei neste fem åra? Grunngi med eigne refleksjonar og informasjon frå rapportane.