Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Korleis lage ein reklame?

Kva skal til for at ein reklame skal vere god? Lær om korleis du kan gå fram på ein måte som gjer at akkurat din reklame blir lagd merke til.

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

blikkfang
noko som auga dine blir trekte mot. I ein reklameannonse kan til dømes eit stort bilete eller ein farge vere blikkfanget.
logo
eit bilete eller eit teikn som viser namnet på ei bedrift, ein butikk eller eit produkt
positivt ladde ord
ord som for mange vekker positive og gode kjensler
negativt ladde ord
ord som for mange vekker negative og dårlege kjensler
målgruppe
ei bestemd gruppe eller nokre personar som til dømes ein reklame er retta mot
kontrast
ei motsetning, at noko som er ulikt, står mot kvarandre – til dømes stor og liten
gjentaking
at noko blir gjenteke fleire gonger. Det kan til dømes vere at (delar av) den same teksten står fleire gonger i ein reklame.
logos
ei av dei tre retoriske appellformene. Logos handlar om å bruke fakta, logikk og fornuft for å overtyde nokon.
etos
ei av dei tre retoriske appellformene. Etos handlar om å få mottakar til å stole på deg.
patos
ei av dei tre retoriske appellformene. Patos handlar om å vekke kjensler hos mottakaren.

Kva er reklame?

Reklame er når nokon prøver å få deg til å legge merke til eit bestemt produkt, bli interessert og kanskje kjøpe det. Det kan til dømes vere ein reklame for eit par nye, kule sko på ei nettside eller ein på bussen som skal får deg til å bruke . I videoen under ser du fleire døme på korleis vi let oss påverke av reklame.

Eit døme frå Tine

Korleis skil reklamen din seg ut frå andre?

Når du skal lage ein reklame, må du tenke over korleis han kan frå andre reklamar. Kva gjer at nokon stoppar opp og akkurat din reklame?

Sjå på reklamen under for Go'morgen-yoghurt. I reklamen frå Tine er det brukt mange fargar som gir kontrast. Dermed skil reklamen seg frå mange andre reklamar, og det gjer at fleire legg merke til han.

Kva for verkemiddel skal du bruke?

Det er vanleg å bruke ulike verkemiddel for å ved hjelp av reklame. Målet er at reklamen, og verkemidla du bruker, påverkar så mykje, at hen får lyst til å kjøpe eller gjere det reklamen ber om.

Vanlege verkemiddel i reklame er til dømes gjentaking og kontrast. Legg merke til korleis reklamen over har brukt Go'morgen-yoghurten i alle bileta som ei gjentaking. Det gjer at vi lettare hugsar produktet. Sjølve yoghurten er i reklamen.

I reklamen for Go'morgen-yoghurt er det òg brukt positivt ladde ord som verkemiddel. Orda "Go'morgen" og " måltid" er positivt ladde ord. Vi kan bli påverka av orda og få lyst til å kjøpe produktet fordi det reklamerer med at smaken er god.

Kva skal produktet heite?

Namnet på produktet ditt er òg viktig. Namnet "Go'morgen" speler på at dette er ei vanleg, hyggeleg setning å seie når vi møter kvarandre om morgonen. I tillegg kan det bety at det å ete produktet, gir deg ein god start på dagen, med andre ord gjer morgonen god. Namnet har altså , noko som er ganske vanleg i reklamar.

Kven er målgruppa?

Du bør tenke over korleis du kan nå ønskt best mogleg med reklamen din. Viss det er ungdom i alderen 13–20 år i målgruppa, er det lurt å tenke over kva som gjer ein typisk ungdom interessert. Språket, bileta, fargane og skrifttypen er døme på noko av det som bør passe til akkurat den målgruppa du vel. Kven trur du Tine har tenkt på som målgruppe for den reklamen sin?


Tenk over dette når du lagar eigen reklame:

  • Kven er målgruppa for reklamen din?

  • Kva skal gi mottakar lyst til å kjøpe produktet eller gjere det reklamen ber om?

  • Kva for verkemiddel passar for målgruppa du har valt?

  • Kva er blikkfanget?

  • Korleis bruker du appellformene etos, logos og patos?

  • Kva gjer at nettopp din reklame skil seg ut frå andre reklamar?

Relatert innhald

Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 13.05.2025