Analyser ein reklame frå Norvegia
Reklamefilm frå Norvegia
Sjå reklamefilmen frå Norvegia (lengde 0:06).
Del 1: Førlesing
Finn ut kva det grøne symbolet med kvitt nøkkelhol på ostepakken symboliserer. Du kan lese om symbolet i artikkelen "Nøkkelhullet" frå Helsenoreg.
Del 2: Analyser reklamefilmen
Diskuter oppgåvene under to og to. Samanfatt i felleskap i klassen til slutt.
Kven er avsendar av reklamen?
Kven er målgruppa for reklamen?
Kva produkt blir det reklamert for?
Kor mange gonger blir ordet "lett" gjenteke i reklamen? Vis til døme. Kva slags verknad har denne gjentakinga?
Kva effekt har det at osteskiva flyg? Korleis passar denne effekten med bodskapen om å prøve ein lettvariant av osten?
Beskriv korleis reklamen bruker fargar som verkemiddel. Bruk fagord som kontrast og blikkfang.
Kva appellform bruker Tine når dei har nøkkelholsymbolet på pakningen?
Gir reklamen dykk lyst til å kjøpe osten? Grunngi svaret! Viss de svarer nei, kom med forslag til kva som kan gjere reklamen meir vellykka.
Del 3: Lag ein eigen reklame
Jobb saman i små grupper.
Lag ein eigen kort reklamefilm for det same produktet, men med andre verkemiddel, alt etter kva som passar for målgruppa de vel. Tilpass både språk, musikk og innhald. Forslag til målgruppe:
ungdom
personar med ein annan kulturell bakgrunn enn norsk
aktive idrettsutøvarar
Del 4: Vis reklamen for kvarandre
Vis reklamane for kvarandre i felles klasse eller for ei anna gruppe i klassen. Fortel og forklar meir rundt spørsmåla under:
Kva for verkemiddel bruker de, og kvifor valde de desse verkemidla?
Kva har de gjort for å nå målgruppa?
Relatert innhald
Lær om korleis reklame prøver å påverke deg til å bli interessert i noko, og kanskje kjøpe eit bestemt produkt.
Sjå ein reklamefilm, øv på på å analysere han og lag ein eigen reklamefilm.