Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Korleis skrive diktanalyse?

Korleis skriv du ein diktanalyse? Her kan du både sjå ein film og lese ein modelltekst som kan hjelpe deg med å skrive gode diktanalysar.

Til læraren

Målet med denne ressursen er at elevane skal klare å skrive ein kort diktanalyse. Elevane bør ha jobba noko med sjangeren dikt før dei skriv ein analyse. Det er òg fint om dei kjenner til fagomgrepa motiv, tema og språklege bilete. Ei anna moglegheit er at du bruker oppgåvene som høyrer til diktet "Folkebibliotek" til å introdusere desse fagomgrepa.

Sjå an elevane dine. Dei tre avsnitta i hovuddelen kan du sjå som ei "trapp". Det er enklare å skrive om motiv (nedste trappetrinn) enn om synsvinkel/verkemiddel (øvste trappetrinn).

Elevane som slit mest med å skrive, treng kanskje berre skrive innleiing og eit avsnitt om motiv? Elevane som har utvikla ganske gode skriveferdigheiter, vil ha god nytte av å skrive alle avsnitta i hovuddelen.

Del 1: Diktet "Folkebibliotek"

  1. Les diktet "Folkebibliotek" av Haile Bizen, ein forfattar som flykta frå Eritrea til Noreg.

  2. Skriv åleine:

    • Kva meiner du dette diktet eigentleg handlar om?

    • Kva er det i diktet synest er vanskeleg?

  3. Diskuter i par eller grupper:

    • Kva meiner de kan vere i diktet?

    • Kva for verkemiddel bruker Bizen for å få fram temaet?

    Tips: metafor, besjeling og samanlikning.

  4. Diskuter tema og verkemiddel med resten av gruppa eller klassen.

Les om språklege verkemiddel

Les gjerne fagartiklane om metafor, besjeling og samanlikning her:

Metafor

Besjeling

Samanlikning

Del 2: Kva er ein diktanalyse?

Diskuter i par eller grupper:

  1. Ein sjanger i skulen er diktanalyse. Veit de kva ein diktanalyse er? I så fall: Kva er det meininga de skal gjere når de skriv diktanalysar?

  2. Veit de kva som er viktig for å skrive gode diktanalysar?

  3. Korleis ville de ha skrive ein diktanalyse av diktet "Folkebibliotek"?

Samanfatt svara på spørsmåla. Skriv gjerne på tavla.

Del 3: Les ein god analyse av diktet "Folkebibliotek"

  1. Les modellteksten "Framand mann i nytt land".

  2. Gå saman i grupper og diskuter:

    • Kvifor er dette ein god analyse?

    • Kvar er overskrifta, innleiinga, hovuddelen og avslutninga i teksten?

    • Korleis blir sitat (døme frå teksten) brukte i teksten?

  3. Samanfatt med dei andre elevane.

Del 4: Sjå filmen Korleis skrive ein diktanalyse?

  1. Sjå filmen Korleis skrive ein diktanalyse? (lengde 7:13), som viser diktanalyse steg for steg.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0
  1. Diskuter om de forstod dette:

    • Kva betyr det at ein diktanalyse skal ha fire delar?

    • Kva er avsnitt?

    • Kva er ein temasetning?

    • Kva er kommentarsetningar?

    • Kva betyr det at vi skal bruke døme og sitat som "bevis"?

    • Kva er oppgåva til innleiinga, avslutninga og overskrifta?

Del 5: Les eit dikt

  1. Les eit dikt i klassen. Til dømes kan de lese diktet "Vi trodde lykken lå på den andre siden av grensen" av Selma M. Yonus.

  2. Diskuter kva som kan vere motiv, tema og det viktigaste verkemiddelet i diktet.

Del 6: Skriv diktanalysen

No skal du skrive diktanalysen din. Gjer det slik:

  1. Opne og lagre modellteksten under.

  2. Skriv analysen din inn i høgre kolonne i tabellen. Dette skal hjelpe deg til å lage ein god struktur.

  3. Når du er ferdig, klipper og limer du teksten din inn i eit nytt dokument, utan tabell.

Del 7: Gi kvarandre tilbakemelding

Byt tekst med ein annan elev i klassen. Gi kvarandre tilbakemelding. Sjå særleg på dette:

  • Har teksten ei tydeleg firedeling? (overskrift, innleiing, hovuddel og avslutning)

  • Presenterer innleiinga teksten og temaet?

  • Har avsnitta god struktur med både ei tydeleg temasetning og sitat som bevis?

  • Er overskrifta kort og gir informasjon om temaet?

  • Er språket klart?

Fiks deretter teksten etter å ha fått tilbakemelding frå medeleven din.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 05.08.2025