Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Nærles to dikt

Dikta "Vi trodde lykken lå på den andre siden av grensen" og "Jeg pakker tingene mine i en liten koffert" er skrivne av Selma M. Yonus frå Irak. No skal du nærlese begge dikta før du samanliknar form og innhald.

Til læraren

Du bør lære elevane om typiske verkemiddel i dikt før dei jobbar med dikta av Selma M. Yonus. Det kan vere lurt å sjå nærare på fagartiklane om språklege verkemiddel og velje ut det som er mest relevant.

Del 1: Førlesingsoppgåver

Jobb saman to og to. Svar munnleg på spørsmåla.

  1. Dei to dikta de skal lese, er henta frå diktsamlinga for liten kriger. Kva trur du ei diktsamling med denne tittelen kan handle om?

  2. Det første diktet har tittelen "Vi trodde lykken lå på den andre siden av grensen". Kva trur de diktet kjem til å handle om etter å ha lese berre tittelen?

  3. Det andre diktet har tittelen "Jeg pakker tingene mine i en liten koffert". Kva trur de diktet kjem til å handle om etter å ha lese berre tittelen?

Del 2: Nærles eit dikt av Selma M. Yonus

Jobb saman to og to.

  1. Les diktet "Vi trodde lykken lå på den andre siden av grensen" høgt to–tre gonger for kvarandre. Sjå på ordforklaringane til diktet.

  2. Svar munnleg på spørsmåla under:

    • Kva er i diktet?

    • Beskriv forma på diktet. Det gjer de med fagord som , , og .

    • Kva for kjensler vekker diktet i dykk? Forklar med eigne ord og vis til døme i diktet.

    • Kven opplever de at viet i diktet er? Kva verknad har det at forfattaren bruker vi i staden for eg?

    • Kva grense trur de det er snakk om i diktet?

    • Kva for nokon bruker forfattaren i diktet?

    • Kva trur de diktet eigentleg handlar om? Kva kan vere temaet?

    • Kva kan vere i diktet?

    • Korleis forstår de dei to siste verselinjene i diktet?

Vi visste ikke at lykke har
sine egne grenser.

Del 3: Nærles endå eit dikt av Selma M. Yonus

Jobb saman to og to.

  1. Les diktet "Jeg pakker tingene mine i en liten koffert" høgt fleire gonger for kvarandre. Sjå på ordforklaringane til diktet.

  2. Svar munnleg på spørsmåla under:

    • Kva er motivet i diktet?

    • Beskriv forma på diktet. Det gjer de med fagord som verselinje, strofe, bunden og ubunden form.

    • Kva for kjensler vekker diktet i dykk? Forklar med eigne ord og vis til døme i diktet.

    • Kva reise trur de det lyriske eget skal ut på? Grunngi svaret.

    • Kva for verkemiddel bruker forfattaren i diktet?

    • Korleis kan vi knyte dette diktet til temaet håp og skuffelse?

    • Kva kan vere bodskapen i diktet?

    • Korleis forstår de dei to siste verselinjene i diktet?

Jeg setter skuffelsene sammen i hjertet mitt

som ikke er blitt større.

Del 4: Skriv ei samanlikning av dei to dikta

Til læraren

De kan gjerne sjå på modellteksten saman før elevane skal skrive ei eiga samanlikning. Då kan du vektlegge viktigheita av avsnitt, gode tema- og kommentarsetningar, fagspråk og døme frå begge tekstane som skal samanliknast.

Jobb individuelt.

Skriv ei samanlikning av dei to dikta. Noko av det de snakka om i del 2 og 3, kan vere aktuelt å ha med i svaret ditt.

I fila under er det ein modelltekst som viser korleis du kan teksten din når du skal skrive ei samanlikning av to dikt.

Kjelde

Yonus, S. M. 2021. Vuggesang for liten kriger. Aschehoug.

Relatert innhald

Skrive av Elisabeth Lønning og Åsa Abusland.
Sist oppdatert 14.05.2025