Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Korleis skrive novelleanalyse?

Korleis skriv du ein novelleanalyse? Her kan du både sjå ein film og lese ein modelltekst som kan hjelpe deg med å skrive gode novelleanalysar.

Til læraren

Målet med denne ressursen er at elevane skal klare å skrive ein kort novelleanalyse. Elevane bør ha jobba noko med sjangeren novelle før dei skriv ein analyse. Det er òg fint om dei kjenner til fagomgrepa motiv, tema og synsvinkel. Ei anna moglegheit er at du bruker oppgåvene som høyrer til novella "Gutten" til å introdusere desse fagomgrepa.

Sjå an elevane dine. Dei tre avsnitta i hovuddelen kan du sjå som ei "trapp". Det er enklare å skrive om motiv (nedste trappetrinn) enn om synsvinkel/verkemiddel (øvste trappetrinn).

Elevane som slit mest med å skrive, treng kanskje berre skrive innleiing og eit avsnitt om motiv? Elevane som har utvikla ganske gode skriveferdigheiter, vil ha god nytte av å skrive alle avsnitta i hovuddelen.

Del 1: Novella "Gutten"

  1. Les novella "Gutten".

  2. Diskuter:

    • Forstod de handlinga?

    • Er det ord de treng forklaring på?

    • Har de andre spørsmål til novella?

  3. Når alle meiner dei har forstått handlinga, skal de diskutere i par:

    • Kva meiner de kan vere temaet i novella?

    • Kven har synsvinkelen i novella? Altså: Gjennom kven sine auge ser vi historia?

  4. Diskuter svara på spørsmål C. saman i gruppe eller i klassen.

Del 2: Kva er ein novelleanalyse?

Diskuter i par eller grupper:

  1. Ein i skulen er novelleanalyse. Veit de kva ein novelleanalyse er? I så fall: Kva er det meininga de skal gjere når de skriv novelleanalysar?

  2. Veit de kva som er viktig for å skrive gode novelleanalysar?

  3. Korleis ville de ha skrive ein novelleanalyse av novella "Gutten"?

Samanfatt svara på spørsmål A. og B. saman.

Del 3: Les ein god analyse av novella "Gutten"

  1. Les analysen "Den uskyldige guten".

  2. Gå saman i grupper og diskuter:

    • Kvifor er dette ein god analyse?

    • Kvar er overskrifta, innleiinga, hovuddelen og avslutninga i teksten?

    • Korleis blir sitat (døme frå teksten) brukte i analysen?

    • Kva inneheld kvart avsnitt?

  3. Samanfatt saman med dei andre elevane.

Del 4: Sjå filmen Korleis skrive novelleanalyse?

  1. Sjå filmen Korleis skrive ein novelleanalyse? (lengde 10:38).

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0
  1. Diskuter om de forstod dette:

    • Kva betyr det at ein novelleanalyse skal ha fire delar?

    • Kva er avsnitt?

    • Kva er ei temasetning?

    • Kva er kommentarsetningar?

    • Kva betyr det at vi skal bruke døme og sitat som "bevis"?

    • Kva er oppgåva til innleiinga, avslutninga og overskrifta?

Del 5: Les ei novelle

  1. Les ei novelle i klassen.

  2. Diskuter kva som kan vere motiv, tema og det viktigaste verkemiddelet i novella.

Del 6: Skriv novelleanalysen

No skal du skrive novelleanalysen din. Gjer det slik:

  1. Opne og lagre modellteksten under.

  2. Skriv analysen din inn i høgre kolonne i tabellen. Dette skal hjelpe deg til å lage ein god struktur.

  3. Når du er ferdig, klipper og limer du teksten din inn i eit nytt dokument, utan tabell.

Del 7: Gi kvarandre tilbakemelding

Byt tekst med ein annan elev i klassen. Gi kvarandre tilbakemelding. Sjå særleg på dette:

  • Har teksten ei tydeleg firedeling? (overskrift, innleiing, hovuddel og avslutning)

  • Presenterer innleiinga teksten og temaet?

  • Har avsnitta god struktur med både ei tydeleg temasetning og sitat som bevis?

  • Er overskrifta kort og gir informasjon om temaet?

  • Er språket klart?

deretter teksten din etter å ha fått tilbakemelding frå medeleven din.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 05.08.2025