Kva er retorikk?

Før du les
Før du ser filmen og les vidare, er det lurt å sjå på desse fagomgrepa:
- Retorikk
- Retorikk er kunsten å overtyde.
- Etos
- Etos er det i teksten som prøver å overtyde deg om at du kan stole på den som snakkar eller skriv. Det som gjer teksten truverdig.
- Patos
- Patos er det i teksten som prøver å overtyde deg ved å påverke kjenslene dine.
- Logos
- Logos er det i teksten som prøver å overtyde deg om at noko er sant, fornuftig og logisk.
- Argumentere
- Å argumentere er å seie eller skrive noko som styrkar eller beviser det du meiner. Du legg fram eit argument.
- Appellform
- Ei appellform er noko du bruker for å overtyde nokon, få dei til å meine eller gjere noko. Du appellerer til dei. Etos, patos og logos er tre appellformer.
Kunsten å snakke og skrive overtydande
Retorikk er læra om å snakke og skrive på ein slik måte at du får andre til å bli einige med deg.
Du kan bruke ulike grep, eller måtar å formulere deg på, slik at andre blir overtydde om at du har rett. Dei viktigaste grepa kan vi dele inn i tre ulike kategoriar: etos, patos og logos. Vi kallar desse knepa for appellformer.
Sjå animasjonen under om dei tre appellformene etos, logos og patos (lengde 06:55).
Etos, patos og logos
Etos, patos og logos er tre ulike måtar å overtyde på. Sjå for deg at den som snakkar eller skriv til deg, prøver å finne bevis eller argument for å få deg til å tru på det hen seier. Vi skal sjå på tre ulike måtar å gjere det på:
Etos
Avsendaren kan prøve å overtyde deg ved å vise at hen sjølv kan mykje om saka, og derfor er nokon du kan tru på.
Døme 1: Eg har brukt denne kremen i mange år, så eg veit at han hjelper mot rynker.
Døme 2: Eg er professor i retorikk. Derfor bør du høyre på meg når du skal lære om retorikk.
Patos
Når avsendaren prøver å overtyde deg ved å påverke kjenslene dine, bruker hen patos.
Døme 1: Viss du bruker den kremen som ikkje er testa på dyr, slepp søte mus å ha det vondt.
Døme 2: Viss du ikkje høyrer på det professoren seier, vil du verke dum.
Logos
Avsendarar kan òg prøve å overtyde deg ved å appellere til fornufta di, til dømes ved å vise at det finst forsking som støttar det hen seier.
Døme 1: Fleire testar har vist at dei som bruker denne kremen, får færre rynker enn dei som ikkje bruker han.
Døme 2: Sidan professoren har forska på dette, er det sannsynleg at det hen seier er rett.
Diskuter med medelev
I kva situasjonar har du brukt dei ulike måtane å overtyde på?
Kvifor lære om retorikk?
Det står i læreplanen at du skal kunne kjenne igjen retoriske appellformer i tekstar, men kvifor er det så viktig?
For å bli flinkare til å overtyde
Ved å kjenne til korleis det du seier og skriv påverkar andre, kan du blir flinkare til å diskutere og få fram det du meiner er rett. Du kan bruke argument som gjer at mottakaren stoler på deg, du kan spele på kjensler, eller du kan vise til at det finst bevis for at det du seier, er sant.
For å forstå korleis andre overtyder
Du kan òg oppdage korleis andre prøver å overtyde deg. Kanskje bruker dei berre argument som påverkar kjenslene dine, men så kan dei ikkje bevise at det dei seier er sant. Viss du ser det, kan du unngå å bli lurt.
Les meir om dette i fagartikkelen "Kva vil det seie å tenke og lese kritisk?"
Retorikk i politikk
Politikarar har som jobb å overtyde andre om at politikken deira er rett. Dei er derfor ofte veldig flinke til å bruke alle knepa dei kan, for å overtyde deg om å stemme på dei. Viss du ser korleis dei gjer det, klarer du kanskje å finne ut om det dei seier, faktisk er det same som det du meiner.
Tenk over
Kjenner du nokon personar som er flinke til å snakke og overtyde andre? Kva er det dei gjer, som gjer at du synest dei er flinke?
Retorikk i reklame
Også reklamen har som hovudoppgåve å overtyde deg om at du bør høyre på dei og kjøpe noko. Der er det ikkje berre orda dei vel, som påverkar. Bilete, fargar og musikk er ein del av verkemidla reklamen kan bruke.

Når du analysere reklamar, ser du derfor både på tekst og bilete, og lyd om det er ein reklamefilm. Kva knep bruker teksten? Er det bevis der for at det reklamen seier, er sant (logos)? Spelar dei som sel produktet, på at dei er veldig flinke (etos)? Eller er det kanskje sånn at reklamen berre seier at du blir lykkeleg av å bruke produktet (patos)?

