Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Kva vil det seie å tenke og lese kritisk?

Korleis kan vi vite om det vi les og høyrer, er rett? Vi møter tekstar, bilete og filmar som verkar ekte og sanne, men det har blitt vanskelegare og vanskelegare å finne ut om vi kan stole på at dei er det. Likevel er det mogleg å lære å vurdere informasjon gjennom kritisk tenking.

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Kritisk
Her: Å vere kritisk betyr at du ser nøyare på noko, undersøker det grundig.
Analysere
Å analysere er å dele opp ei sak i fleire delar og undersøke kvar del nøye.
Kjelde
Her: Ei kjelde er der du finn informasjon om noko
Objektiv
Her: Du er objektiv når du ikkje vel side i ei sak, men ser på all informasjonen.

Ver detektiv!

Kritisk tenking handlar eigentleg om å prøve å korleis ulike tekstar påverkar deg. Du må altså vere litt og undersøke nøye.

Kva meiner vi med kritisk tenking?

Kritisk tenking er det å og vurdere informasjon om ei sak. Viss du til dømes skal stemme i eit val, er det lurt å tenke kritisk. Punkta under beskriv korleis du går fram når du skal vere ein kritisk tenkar:

  1. Hent inn så mykje informasjon du kan, om saka du undersøker. Det er lurt å finne informasjon frå fleire . Skal du bestemme deg for eit politisk parti å stemme på, er det lurt å finne ut kva dei meiner om saker du er oppteken av.

  2. Neste punkt er å undersøke informasjonen nøye og finne ut kva du meiner om det du høyrer eller les.

    • Kva tankar får du?

    • Er du einig?

    • Er du ueinig? Kor godt er saka forklart?

    • Saknar du informasjon om noko?

  3. Bestem deg for kva du meiner om saka, og kvifor du meiner det. Kvifor vil du stemme på akkurat det partiet?

  4. Finn ut kva du vil gjere. Det kan vere du finn eit parti å stemme på, eller kanskje du vel å ikkje stemme? Å vere i tvil er vanlegvis eit godt teikn. Då har du antakeleg funne mykje informasjon og har tenkt over fleire sider av saka.

NB! Sjølv om du har tenkt kritisk og bestemt deg for noko, er det ikkje sikkert du har rett.

Kvifor er det viktig å tenke kritisk?

Dømet med at det er lurt å undersøke kven det er du skal stemme på i eit val, er lett å forstå. Du skal jo vere med på å velje kven som skal bestemme deg. Dette er viktig når vi lever i eit demokrati. Men kvifor er det viktig å tenke kritisk i andre samanhengar?

Meininga di er viktig

I demokratiske land som Noreg er det eit viktig at alle skal få seie og meine det dei vil. Ingen skal straffast for det. Det einast du ikkje har lov til, er hatytringar og truslar mot andre. Det skal vere trygt å delta i debattar om saker du bryr deg om. Vil du at folk skal lytte til deg og ta deg på alvor, bør du kunne mykje om det du diskuterer. Den kunnskapen hentar du som regel frå andre sine tekstar.

Tekstar påverkar

Alle tekstar, det kan vere ein artikkel i ei avis eller ein reklamefilm, har som mål å deg på ein eller annan måte. Ein avisartikkel kan gi deg informasjon om ei sak du er interessert i. Sjølv om teksten verkar , har journalisten valt ut kva hen vil skrive om, og kva informasjon hen tek med. Det som står i artikkelen, kan altså vere rett, men det kan mangle informasjon som ville påverka kva du tenker om saka. Det er derfor eit godt råd alltid å lese fleire tekstar om ei sak. Då er det enklare å oppdage om du har nok informasjon til å bestemme deg for kva du vil meine om saka.

Reklame er laga spesielt for å påverke

Reklamar og bilete kan du òg vere kritisk til. Reklame er laga for å få deg til å kjøpe noko eller gjere noko. Korleis blir bilete, tekst og lyd brukte til å påverke deg? Stemmer det som reklamen lover?

Kunstig intelligens utfordrar oss

Bilete påverkar òg. Før brukte vi bilete som bevis for at noko var sant. Det er ikkje like lett når det har blitt så lett å lage falske bilete. Ikkje minst har kunstig intelligens gjort at både bilete og filmar kan sjå ekte ut, men så er dei ikkje det. Du må altså vere kritisk der òg. Er det sant det som blir vist? Er biletet forandra på? Dette er nokre spørsmål du kan stille deg.

Kritisk tenking og litterære tekstar

Vi tenker gjerne at kritisk tenking handlar om å vere kritisk til informasjon vi finn på internett, og då spesielt til faktainformasjonen. Men kritisk tenking handlar òg om å vere merksam på at andre medium og teksttypar kan påverke kva vi tenker og meiner om ei sak.

Til dømes kan ein roman som handlar om det å vere minoritet i Noreg, ha beskrivingar som påverkar korleis vi tenker om innvandring. Du kan vere kritisk til korleis forfattaren har fortalt historia.

Kjelde

Svartdal, F. (2023, 13. juli). Kritisk tenkning. I Store norske leksikon. https://snl.no/kritisk_tenkning

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 09.08.2024