Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Utforsk proporsjonane i menneskekroppen

Kor store er kroppsdelane i forhold til kvarandre? Samarbeid med ein medelev, ta ulike mål, og øv dykk på sikteteknikk. Lag enkle, raske skisser som viser storleiksforholda de kjem fram til, og samanlikn resultata.

Til læraren

Desse øvingane er tenkte som ein inngang til å teikne menneske og skal gjere elevane bevisste på proporsjonane i kroppen. Raske skisser er tilstrekkeleg for at dei skal kunne oppsummere det dei kjem fram til i øvingane. Etterpå er det naturleg å gå vidare til ressursen "Skjemateikning – kropp".

Proporsjonar

Proporsjon er forholdet mellom storleikar. I denne øvinga skal de samarbeide to og to. Byt på å stå modell og på å måle lengder. Ta av dykk sko og tjukke genserar.

Utstyr

  • teikneblyant

  • teikneblokk eller skissebok

  • hyssing

Del 1: Sjekk proporsjonane dine

  1. Kvar er olbogen i forhold til livlinja di når hendene heng rett ned?

  2. Kor langt ned på låret rekker hendene dine når dei heng rett ned?

  3. Kor stor del av ansiktet dekker hendene dine?

Del 2: Mål med ein hyssing

Samarbeid to og to og byt på å stå modell for kvarandre.

  1. La modellen din stå med begge armane rett ut til sida. Mål avstanden frå fingertuppane på den eine hånda og tvers over til fingertuppen på den andre. Samanlikn denne lengda med med høgda (frå fot til isse). Kva finn du?

  2. Mål lengda på foten og lengda på underarmen frå olbogeledd til handledd. Samanlikn desse to lengdene.

  3. Mål avstanden mellom skulderknokane og avstanden mellom hofteknokane. Kva finn du?

Lag ei enkel skisse som viser det du kjem fram til når du måler.

Del 3: Mål med sikteteknikk

Her skal det komme ein animasjon som forklarer sikteteknikk.

Samarbeid to og to og byt på å stå modell for kvarandre. Modellen skal stå rett med armane hengande ned.

  1. Bruk blyanten til å sikte . Kor mange gonger går lengda på hovudet opp i heile lengda på modellen din?

  2. Fortset å måle vertikalt. Kor lange er beina i forhold til overkroppen?

  3. Kor lange er underarmane i forhold til overarmane?

Lag ei enkel skisse som viser det du kjem fram til når du måler.

Del 4: Diskuter

Samanlikn skissene. Kjem de fram til dei same resultata, eller finn de individuelle forskjellar?

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 02.12.2025