Anatomi er læra om oppbygginga av kroppsdelane. Kunnskap om dette kan hjelpe deg når du skal teikne menneskekroppen. I denne oppgåva skal du velje eit tema innan anatomi og utforske dette. Prøv ut ulike teknikkar og komposisjonar i skisseboka di.
Ei side med små teikningar for å utforske ulike idéar og ei side med ein fargestudie.
Tips til læraren
Vi tilrår å bruke dei andre ressursane i emnet "Teikn menneske" som inngang til dette arbeidsoppdraget. Elevane som har bidrege med biletdøme, hadde ei tidsramme på 14 skuletimar på oppgåva si.
I tillegg går det an å fordjupe seg i grunnleggande anatomi og setje namn på musklar og skjelett. Vi tilrår òg å jobbe med teiknemodelldokker om de har tilgang til det.
Fagord
Anatomi
Anatomi er læra om oppbygginga av kroppsdelane.
Aktteikning
Aktteikning er å teikne ein naken eller lett tildekt modell.
Kroki
Kroki er å teikne raske skisser av ein modell for å få fram det karakteristiske i rørsle og kroppsstilling.
Studieteikning
Studieteikning er ei teikning som er meir gjennomarbeidd og detaljert enn ei skisse eller krokiteikning og blir ofte brukt som eit forarbeid i kunsten. Det er viktig å studere motivet nøye og bruke sikteteknikk. Ofte teiknar vi fleire varierte teikningar frå ulike vinklar, og i ei studieteikning kan vi teste ut ulike teknikkar.
Forkorting
Forkorting er når eit menneske blir framstilt med forkorta proporsjonar for å skape perspektiv.
Når vi ser beina i perspektiv, får vi ei forkorting.
Venus frå Milo (ca. 130–100 f.Kr.) er døme på kontrapost.
Positur
Positur betyr kroppsstilling. I biletkunst bruker vi omgrepet om måten ein modell blir stilt opp på for å uttrykke eller framheva stemningar.
Kontrapost
Kontrapost er ei avslappa, naturleg stilling brukt i biletkunst og skulptur. Mennesket som står og kviler vekta på den eine foten, får ein knekk i hofta. Vinkelen i skuldrene vil naturleg fungere som motvekt til vinkelen på hofta. Rørsla frå hovudet, brystet, hoftene og ned mot føtene dannar på den måten ei slags S-form.
Skissebokside med teikningar av skjelettet. Her er fargebruk, typografi og detaljerte teikningar sette saman til ein heilskapleg komposisjon, og det får slik eit kunstnarisk uttrykk.
Vel eit tema innanfor anatomi. Det kan til dømes vere skjelett, musklar, hender, føter, heil- eller halvfigur eller spesielle positurar, som kontrapost . Du kan òg velje forkorting og utforske kva som skjer når eit menneske blir framstilt med forkorta proporsjonar for å skape perspektiv. (Sjå nærmare forklaringar av omgrepa under "Fagord" lenger opp på sida.)
Korleis kroppen er bygd opp av skjelettet og musklane, er det nyttig å ha kunnskap om når du teiknar menneskekroppen.
Du kan starte med eit tankekart eller liknande i byrjinga av prosessen din. Grunngi deretter kva, korleis og kvifor du vil utforske det anatomitemaet du har valt.
Sida som handlar om tema og inspirasjon, er planlagd og sett opp på ein ryddig måte.
Utforskinga skal gå i djupna. Jobb derfor både med skisse- og studieteikning og eventuelt kroki, som du kan lese meir om i denne artikkelen. Bruk ulike teknikkar. Planlegg tida og arbeidsmåten din godt.
Frodig prosess i skissebok
Jobb med komposisjon, og prøv å få ein kunstnarisk kvalitet på sidene i skisseboka di.
Ver kreativ og bruk kontrastar i storleik, teknikk og fargebruk.
Bruk overskrifter for å vise fram utvikling i prosessen din.
Flett inn relevant informasjon om anatomi.
Bruk fagomgrep og beskriv korleis du har brukt visuelle verkemiddel som til dømes teknikk, fargar og komposisjon.
To døme på teikningar som utforskar føter og hender.
I prosessens siste del skal du bruke utforskinga di til å lage to ulike komposisjonsforslag i A5- eller A4-format i skisseboka di.
Du står fritt til å velje teknikk, fargebruk, uttrykk og bodskap. Prøv deg fram før du bestemmer deg for utforminga av dei to komposisjonane. Jobb så grundig som du har tid til.
Mål for komposisjonane:
Proporsjonane og utforminga av anatomidelen/-delane skal sjå mest mogleg naturleg ut.
Komposisjonane skal ha tydeleg samanheng med temaet du har utforska.
Komposisjonane skal uttrykke rørsle.
Ved å utforske moglegheiter tidleg i prosessen vil det endelege resultatet bli meir heilskapleg, og det vil bli enklare for deg å snakke om kvifor du har valt fargar, teknikkar og komposisjon.