Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Video

Krokiøvingar – teikn frå foto

Av og til er det ikkje mogleg å teikne etter ein fysisk modell. Då er fotografi eit godt alternativ. Her er det ein film med foto av modellar i ulike positurar. Tida for kvar positur aukar etter kvart, frå 40 sekund til 15 minutt.

Utstyr

  • teikneblyantar

  • skisseblokk

eller

  • kol eller pastellkrit

  • teiknerull

  • staffeli og plate

  • teip

Krokiøvingar

Filmen under (lengde 38:15) er som ei krokiøkt der modellane skiftar positur etter ei viss tid. I starten er det positurar som varer kort. Desse er for å varme opp. Dei siste varer lenger slik at du kan jobbe med fleire detaljar.

Video: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0

Relatert innhald

Krokiteikning

Kroki er å teikne raske skisser av ein modell som skiftar mellom ulike stillingar. Start med korte teikneøkter og øv på å fange rørsla til modellen.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 02.12.2025