Anatomien i handa

Utstyr
teikne- og fargeblyantar
teiknepapir (A4- og A3-format)
fotoapparat eller mobil
eventuelt akvarellmåling
Beinstruktur

Beinstrukturen i handa består av mange knoklar. Kunnskap om korleis anatomien i handa faktisk er, kan hjelpe deg å teikne henne rett.
Symbolikken i hendene

Hender er rike på symbolikk og blir brukte på mange ulike måtar i kunst, religion og kvardagsspråk. Høgre hand kan representere makt. Mange religionar bruker hender i velsigning, bønn og ritual. Vi kan òg bruke hendene til å helse og til å uttrykke omsorg og solidaritet, eller forakt.

Del 1: Konturteikning
Fest eit A4-ark til underlaget med teip før du begynner.
Teikn rundt handa di med både med tung og lett konturstrek for å gi att lys og skugge. Legg merke til form og proporsjonar i hendene dine.
No skal du teikne meir enn omrisset. Registrer og teikn alle viktige indre konturar. Øv på å teikne levande og organisk.
Skraver lett på nokre av flatene i handa slik at du oppnår litt volum.

Del 2: Tydelege skisser av hender etter referansefoto
Lysset handa di ved hjelp av ei bordlampe eller eit vindauge. Ta fleire referansefoto av ulike positurar. Nokre positurar skal vere litt kompliserte med eit levande uttrykk, som om handa di er i ferd med å utføre ei handling eller ei rørsle.
Vel blant fotoa av hender og teikn varierte naturalistiske skisser. For å modellere volum og skape kontrastar i teikningane dine kan du bruke skravering. Få tips om det i artikkelen "Skraveringsteknikkar".
Monter skissene dine saman med referansefotoa du har brukt, på eit A3-ark.

Del 3: Skisser eller studiar i fargar
Repeter korleis du kan blande fargar i artikkelen "Fargeblyantar".
Bruk eitt eller fleire foto av hender og skraver handa med fargeblyantar på kvitt eller farga papir. Vel sjølv om du vil jobbe med ei skisse eller ein studie av handa.
Om du får tid, kan du òg lage skisser eller studiar med det du lærer i artikkelen "Akvarellmålingsteknikkar".

Del 4: Teikn ei hand som held ein gjenstand
Skisser
Studer handa di, og teikn først tre observasjonsskisser av handa di i ulike stillingar på eit A5-ark. For kvar positur skal handa di halde ein ny gjenstand. Tenk på komposisjon, proporsjonar, kontrastar og volum når du teiknar.
Monter dei tre skissene på eit A3 teikneark.
Studieteikning
Vel den skissa du er mest nøgd med, og teikn ei studieteikning av same motiv på eit A3 teikneark. Studer proporsjonane i handa og teikn henne naturalistisk.
Bruk mange ulike teikneblyantar for å få fram lys og skugge. Skraver for å skape volum, og jobb godt med detaljar. Jobb med å skape kontrastar frå det heilt lyse til det heilt mørke.
Du kan òg jobbe med bakgrunnen for å skape stemning i teikninga.
