Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Krokiteikning

Lær deg å teikne raske, enkle skisser av menneske. I denne oppgåva skal vi øve på å teikne ein modell som skiftar mellom ulike stillingar. Ikkje heng deg opp i detaljar, men prøv å fange rørsla og energien når du teiknar.

Fagord

Kroki/Croquis
er ei teikneøving der du skal lage raske skisser av ein modell.
Positur
betyr kroppsstilling. I biletkunst bruker vi det om måten ein modell blir stilt opp på for å uttrykke eller framheve stemningar.

Kva er krokiteikning?

Kroki er å teikne raske skisser av ein modell som skiftar mellom ulike positurar. Det vil seie ulike kroppsstillingar. I filmen under (lengde 2:09) lærer du korleis du kan fange rørsla til modellen.

Video: Klipp og Lim / CC BY-SA 4.0

Tidsintervall i krokiteikning

Det er vanleg å starte med korte økter på frå 30 sekund til eit minutt og å auke tida etter kvart. Målet med korte økter er raskt å få ned posituren til modellen på teiknepapiret. I dei lengre øktene er det tid til å jobbe litt vidare med detaljar.

Fang posituren

Målet med dei raske skissene er å gjengi korleis modellen står, sit eller ligg. Bruk kombinasjonen av formene til bokstavane C, S og I som hjelp til å skisse positurane.

  • Teikn rørslelinja.

  • Fyll inn enkle strekar som viser kvar kroppsdelane peiker.

  • Fang energien, ikkje konturen.

Lengre økter gir tid til fleire detaljar

I dei lengre øktene startar du på same måte, men no har du tid til å få med litt meir informasjon om posituren til modellen. Du kan bruke den første delen av skissa som utgangspunkt for å få fram linjene som beskriv kroppen. Ved å legge inn mørke valørar der du ser hovudskuggane, får du med informasjon om kvar lyset kjem frå, og det gir modellen meir volum.

Å kontrollmåle proporsjonar, vinklar og relasjonar mellom kroppsdelane er alltid lurt. Det kan du lære mykje av. Du kan bruke sikteteknikk og legge merke til negative flater for å få teikninga mest mogleg slik du vil ha henne.

Oppgåve: Teikn krokiar

1. Varm opp med blindteikning

For å komme i teiknemodus kan du lage to–tre teikningar med blindteikning.

Gå saman to og to. No skal de teikne kvarandre samtidig. Du skal berre sjå på modellen og ikkje på arket! Bruk 60 sekund på kvar teikning.

Dette set i gang observasjonsevna og gjer deg klar til å teikne.

2. Korte økter med kroki

Lag rom for at éin kan sitje modell, og så teiknar dei andre. Ha ein tidtakar og set han på 60 sekund. Når tida er gått, skiftar modellen positur. Byt på kven som er modell slik at alle får teikne. Tre rundar per modell kan vere passe.

3. Lengre økter med kroki

Fortset øvinga med å utvide tida til fem minutt i tre rundar. Etter ein pause kan de auke tida til ti minutt i tre rundar.

4. Gallerirunde

Når teikneøktene er ferdige, legg de teikningane i ein stor sirkel slik at alle kan gå langs sirkelen for å sjå teikningane til dei andre.

Ta vare på teikningane dine. Du kan følge med på eigen framgang ved å studere dei seinare.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 07.04.2026