Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Skjemateikning – kropp

Ei skjematisk teikning av eit menneske kan hjelpe deg med å få til rette proporsjonar i teikningane dine. Her skal du lage eit slikt skjema og bli bevisst på forhold mellom storleikar i menneskekroppen. Hugs at skjemaet forenklar den naturlege variasjonen som finst i verkelegheita.

Til læraren

Nedst i denne ressursen finn de ei pdf-fil med ei skjemateikning. Ho kan skrivast ut i kva format som helst utan å miste kvalitet.

Nokre vil kanskje ha nytte av å notere det som blir forklart i filmen, på ei utskrift av skjemateikninga. Det kan derfor vere lurt å skrive ut til elevane på førehand.

Sjå ein film om proporsjonar i menneskekroppen

I filmen under (lengde 2:56) lærer du korleis vi kan dele inn kroppen ved å bruke hjelpelinjer når vi teiknar.

Video: Klipp og Lim / CC BY-SA 4.0

Idealteikning av ein vaksen kropp

Det er vanleg å setje opp ei skjemateikning av ein vaksen person med åtte modular i høgda. Høgda på ein modul svarer til eit hovud målt frå haka til . Hovudet er altså måleininga vi bruker, og ei høgde med åtte hovud er det vi kallar ein idealfigur.

Breidda på figuren er to einingar. For å finne breidda på skuldrene kan du setje av ei hovudhøgde på kvar side av midtaksen.

Bruker du same måleining sju gonger til nedover midtaksen, finn du plasseringa av bryst, midje, skritt, lår, kne, legg og til slutt der fotsolen står på golvet.

Når modellen har armane rett ned langs sidene, rekker hendene ned til midten av låra. Storleiken på ei handflate med utstrekte fingrar svarer til storleiken på ansiktet.

Forskjell på skjemaet for manns- og kvinnekroppen

Generelt kan du teikne idealet av mannsfiguren med breiare skuldrer, smalare hofter og meir kantete linjer enn kvinnefiguren, som har smalare skuldrer, breiare hofter og meir kurver.

Variasjonar for verkelege menneske

I røynda er ikkje menneskekroppen slik vi ser han i skjemateikningar. Det naturlege er mykje meir variasjon. Prinsippet om korleis du kan bruke høgda på hovudet som ei måleining, gjeld likevel.

Oppgåve: Teikn ei skjemateikning av eit menneske sett framanfrå og frå sida

Utstyr

  • blyant

  • viskeler

  • linjal

  • teiknepapir i A3-format

  1. Skriv ut skjemateikninga, som du kan laste ned nedst i ressursen.

  2. Teikn opp ei hjelpelinje på arket ditt. Bruk heile høgda på teiknearket ditt. Denne linja skal svare til den totale høgda til idealfiguren og svarer til midtlinja i skjemateikninga.

  3. Del opp den vertikale hjelpelinja slik at du får åtte like inndelingar.

  4. Teikn opp linjer for breidda på figuren. Breidda skal vere to einingar.

  5. Følg skjemateikninga og teikn opp ein figur som vi ser framanfrå.

  6. Bruk same framgangsmåte, men teikn figuren i profil denne gongen.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 02.12.2025