Teikne etter modell

Idealmennesket og det naturlege mennesket
Det du har lært om å teikne idealmennesket, er nyttig når du skal teikne eit ekte menneske. Uansett kva menneske du skal teikne, kan du bruke hjelpelinjer og la hovudet vere måleining.
Sikteteknikk av ståande modell
Film om sikteteknikk
I filmen under (lengde 4:20) forklarer vi prinsippa for sikteteknikk når du skal teikne menneske.
Med sikteteknikk kan du ta mål av høgda til personen berre ved å bruke blyanten som måleinstrument. Hald blyanten loddrett mellom tommel og peikefinger. Pass på at armen din er strak, slik at du heile tida har lik avstand til modellen når du måler.
Marker høgda på hovudet ved å plassere tommelen på den lengda du måler, med blyanten din. Bruk dette målet til å sjekke kor mange lengder du treng for å få rett plassering av brystet, livet, skrittet, knea og føtene.
Teikn ei vertikal hjelpelinje som utgangspunkt for teikninga av modellen din. Del denne inn i så mange hovudlengder du treng for å få heile lengda på modellen. Bruk hjelpelinjer til å plassere proporsjonane du har målt, på teikninga di.
Hald blyanten vassrett når du tek målingar for breidda på modellen. Ta målingar for kvar av hjelpelinjene du laga for høgda. No har du fleire punkt som hjelper deg å halde fram med teikninga av modellen.

Oppgåve
Teikn ein modell som står vend mot deg. Å studere og teikne ein levande modell er god trening. Det nest beste er å sjå etter eit fotografi. Bruk gjerne bileta de finn i filene under.
- Krokimodell i rørsle(PDF)
Menneskekroppen og positurar
Det er greitt å bruke skjemaet for inndeling av menneskekroppen når vi teiknar ein modell som står rett opp og ned. Men kva skjer når modellen har andre positurar?
Då er måleininga "høgda på hovudet" fordelt på ein annan måte. Alt etter positur vil nokre delar av kroppen vere skjulte, mens andre delar vil du sjå i forkorta versjon.

Same kva du skal teikne, er det viktig å hugse på at informasjonen du treng, er rett framfor deg. Du skal teikne det du ser. Kombiner gjerne ulike teknikkar for å få teikninga di rett.
Sikting og forkorting

Bruk høgda på hovudet, eller eit anna mål som kan hjelpe deg, når du skal teikne ulike positurar. Viss modellen sit og er vend rett mot deg, kan du måle kor mange hovudhøgder det er ned til setet. Begge knea til modellen vil peike i retninga di. Det betyr at du ser låra forkorta. Mål kor mykje plass låret til modellen tek i høgda. Kanskje er det ei heil hovudhøgde, kanskje kortare? Marker lengda for låra på teikninga.
Kva mål får du frå kneet og ned til golvet? Hugs å ta med føtene. Legg merke til at du òg vil sjå føtene forkorta viss dei peiker rett mot deg.

Plasseringa av kroppsdelar i forhold til kvarandre
Legg merke til kvar dei ulike kroppsdelane er i forhold til kvarandre. Kvar er armar og hender i forhold til hovudet. Kva delar er plasserte på same horisontale linje? Til dømes ytterkantane av posituren til modellen. Tilsvarande kan du sjekke vertikale linjer og kva som ligg på same vinkel.
Sjå etter negative flater

Negative flater er dei flatene som oppstår i tomromma utanfor modellen, eller i mellomromma.
Ein ståande person med handa på hofta, har ei negativ flate mellom armen og midja. Ser du dette som ei flate, sjølv om det ikkje er noko der, kan du bruke denne forma for å kontrollere at motivet ditt blir rett gjengitt.
Oppgåve
Teikn eit menneske som sit eller ligg. Bruk ein levande modell eller teikn etter eit fotografi. Sjekk forholda mellom kroppsdelane og sjå etter negative flater.
Relatert innhald
Sikteteknikk kan hjelpte deg å sjekke vinklar og samanlikne storleikar i motivet ditt. Dette gjer det lettare å gjengi motivet rett på teikningane dine.
Ein gjenstand du teiknar, er ei positiv form. Dei tomme områda som er rundt han eller i mellomromma, blir kalla negative former.