Sikteteknikk

Slik bruker du sikteteknikk
Film om sikteteknikk
I filmen under (lengde 3:14) forklarer vi prinsippa for sikteteknikk.
Når du ser noko som er langt borte, ser du det som mindre enn det verkeleg er. Dess lenger borte, dess mindre er objektet. Hald armen strak når du måler. Då blir målinga gjord på same måte kvar gong, og du får pålitelege målingar.

La blyantspissen vere der du ser den eine enden av objektet. Flytt tommelen slik at tommelfingernaglen er på linje med den andre sida av objektet. Lengda du no har frå blyantspiss til tommelfingernagl, er lengda du bruker som utgangspunkt for å samanlikne storleikar i motivet ditt.
Lukk det eine auget når du måler.

Flytt handa med blyanten over på teikninga eller lerretet etter du har teke mål. No kan du overføre same mål til teikninga di. Ta gjerne nokre ekstra målingar undervegs for å dobbelsjekke at alle mål har blitt rette.

Få rett storleik til komposisjonen din
Viss du ønsker å teikne måla slik du ser dei, kan det lett bli for lite på arket. Ei løysing kan vere å flytte deg nærare motivet eller å teikne måla dobbel så store på arket ditt.

Øving med sikteteknikk
Bruk blyanten din til å ta mål av noko i klasserommet ved hjelp av sikteteknikk. Hald armen strak. Teikn opp ei grovskisse på eit ark.
Kva skjer om du held olbogen i vinkel når du måler?
Gå nærare eller lenger vekk frå objektet. Ta mål igjen. Kva skjer?
Start med å plassere motivet på arket
Du kan bruke sikteteknikk til å få på plass dei første linjene som viser breidder, høgder, vinklar og plassering av alt dette i forhold til kvarandre.
Anten du skal teikne eit interiør eller ein bygning sett utanifrå, vil teikninga di bli rett dersom du får rett høgde, breidde og perspektivlinjer på alle delane. Det er korleis du ser linjene frå ståstaden din, som er viktig.

Lengder, breidder og referansemål
La oss tenke oss at du skal teikne ein av veggene i eit rom. På denne veggen er det ei dør, og til høgre for den er det ei hylle og ein kjøkkenbenk. Viss du skal få proporsjonane på teikninga di rette, må du først finne lengder og breidder.
No skal du finne eit referansemål i motivet. Dette kan du bruke til å samanlikne alt anna du skal få med i teikninga. Breidda på døra i dømet kan passe godt som eit referansemål. Målet skal vere praktisk og lett å bruke. Det bør verken vere for breitt eller for langt, men noko midt i mellom.
Så kan du finne ut kor mange gonger referansemålet går på høgda til døra. Det viser seg at det går akkurat to gonger i høgda. Vidare kan du samanlikne kor høg kjøkkenbenken er i forhold til referansemålet, og kor langt det er frå kjøkkenbenken til der hylla er festa.
Dei fleste linjene i denne typen teikning er anten horisontale eller vertikale. På arket ditt blir dei altså linjer som ligg vassrette eller står loddrette. Eit nyttig tips er å passe på å teikne desse parallelt med kantane på arket.
Teikn opp linjene med svake strekar. Mål ein gong til, og sjekk at du har fått dei rette måla. Har du målt feil, er det lett å viske ut og rette opp dei svake linjene.
Vinklar
Du har sikkert prøvd å teikne perspektiv ved å teikne opp horisontlinje og forsvinningspunkt. I frihandsteikning gjeld dei same prinsippa.
Du kan bruke blyanten som måleverktøy for å finne vinklane på dei linjene som går innover i biletet. Legg blyanten parallelt med vinkelen til perspektivlinja du skal anslå. Vinkelen blyanten får, er den vinkelen som skal brukast i teikninga.

Negative flater
Eit anna triks er å bruke blyanten for å avgrense flater i motivet slik at du lettare kan sjå flater som negativt rom. Held du blyanten vassrett framfor deg og siktar mot hjørnet av eit rom, blir det lettare å få auge på forma til dei negative flatene på begge sider av hjørnet. Viss du får forma som oppstår mellom blyanten og taket rett, får du plassert vinklane rett.

Det er viktig å hugse på at ei teikning av denne typen ikkje skal vere ein matematisk nøyaktig konstruksjon. Målet er som oftast at det ser rett ut.