Akvarellmålingsteknikkar
Generelt om akvarellmåling
Akvarellar har ofte eit lett og luftig uttrykk. Noko av grunnen er at målingsstrøka er gjennomsiktige. Både kvitleiken i papiret og tidlegare lag med måling skin gjennom nye lag. Du kan bruke kvitleiken i papiret medvitent for å skape høglys og valørar. Det betyr at du må unngå å måle der du vil behalde det kvite papiret som den lysaste valøren.
Tilfører du mykje vatn, vil du få lyse valørar av ein farge. Vatnet gjer at målinga fordeler seg og spreier seg utover der papiret er fuktig. Lite vatn i målinga gjer det lettare å måle detaljar på tørt papir. Det er viktig at tidlegare lag på papiret har fått tørke skikkeleg før du legg på nye lag.
Nøkkelen til å meistre akvarell er å få erfaring med kor mykje vatn du skal bruke når du målar. Det er òg forskjell på ulike typar måling og papir. Sidan målingslaga er gjennomsiktige, er det vanskelegare å rette opp feil med akvarellmåling enn med andre målingstypar. Viss du vil bli flinkare, må du eksperimentere mykje utan å vere redd for å gjere feil.
Konsistensen i målinga
Med akvarellmåling målar du dei lysaste valørane først og passar på at du ikkje målar over dei partia du vil bevare. Du får lyse valørar ved å tynne ut målinga med vatn. Dette gjer at målinga får mindre pigment. Bland måling og vatn i fargepaletten for å få ei jamn blanding. Konsistensen når du skal måle lyse valørar, kan samanliknast med te.

Når du skal skape djupe valørar, treng du tjukkare måling. Dette får du ved å bruke meir fargepigment og mindre vatn. Konsistensen bør då vere meir som krem. Då kan du lettare kontrollere målingsstrøka. Målinga vil ikkje flyte så lett utover, og ho vil dekke over dei lysare laga under. Dette eignar seg godt til å måle dei djupaste skuggane, teksturar og fine detaljar.
Penselstrøk
Penselstrøka kan hjelpe deg å få til flater og fine linjer, men òg teksturar som gir liv til akvarellane dine. Gjer deg kjend med kva du kan få til med dei ulike penslane. Dette er gøy, samtidig som det gjer deg betre i stand til å uttrykke det du vil, gjennom akvarellmålinga.
Bruk spissen av penselen til å lage fine linjer, punkt og merke. Bruk variert trykk for å få ulike tjukkleikar på streken. Dra penselen over papiret, og skyv han sidelengs. Prøv ut å ha mykje og lite måling på penselen.

Utnytt tyngdekrafta
Du kan bruke tyngdekrafta for å kontrollere retninga vatnet flyt på papiret. Dette er praktisk viss du skal lage ei lavering, altså ei flate som er måla med utvatna akvarellmåling. Plasserer du flata du malar på, slik at ho skrår mot deg, veit du kva veg den våte målinga renn og kan jobbe deg nedover arket. Då blir det lettare å få til ei flate med jamne valørar.

Teknikkar i akvarellmåling
Nokre av teknikkane i denne artikkelen treng du kvar gong du skal måle med akvarell. Andre kan reknast som spesialteknikkar. Bruk fridommen til å plukke med deg det du synest er spennande, og eksperimenter med teknikkane.
Lavering
Ei flate som er måla med ein farge i same valør, kallar vi ei jamn lavering. Ei lita flate er ganske lett å få til. Ei stor flate på arket kan vere vanskelegare å få jamn. I begge tilfelle må du gjere fargen klar på paletten før du målar.
Du må jobbe raskt slik at du målar heile flata i ein omgang. Det kan hjelpe fukte arket litt med reint vatn før du begynner. Då har du litt betre tid på deg før papiret tørkar. Viss du må stoppe undervegs for å blande meir måling, vil du ikkje få til ei jamn lavering. Det vil bli tydeleg kvar du stoppa opp, og kvar du heldt fram med å måle. Bruk ein pensel som kan halde på mykje måling. La akvarellarket ha ei lita helling. Då renn målinga mot deg.
Start med eit strøk tvers over på toppen av arket. Ta neste strøk der målinga samlar seg i botnen av første strøk. Hald fram slik med dei neste strøka. Du skal alltid bringe med deg målinga som samlar seg frå førre strøk vidare. Når du kjem til botnen, samlar du målinga som samlar seg, med penselen.
Tørk eventuelt penselen på tørkepapir før du samlar opp den siste samlinga med måling.
Vått i vått
Det blir kalla vått i vått-teknikk når du målar på ei allereie våt overflate. Målinga på penselen er våt, og du har nettopp måla eller fukta ei flate på papiret. Sidan det er vatnet som fordeler pigmenta ut over flata, vil du sjå at målinga flyt utover og spreier seg på det våte papiret utan å lage skarpe kantar. Denne teknikken passar til dømes til å lage skyer på ein himmel eller halen på ein katt.
Tørt på tørt
Tørt på tørt-teknikk er når målinga er blanda med lite vatn samtidig som du målar på ei tørr overflate. No vil målinga halde seg akkurat der du set merke med penselen. Ho vil ikkje flyte ukontrollert utover. Dette er praktisk når du skal måle noko som skal vere presist og avgrensa. Eit døme kan vere ein kube. Han bør vere slik at kvar side av kuben er skarpt avgrensa frå alt anna. Du kan òg bruke denne teknikken til å måle detaljar oppå noko du har måla tidlegare.

Harde og mjuke kantar
Av og til treng du at ein kant er klart og tydeleg definert, eit tre mot ein bakgrunn til dømes. For å få denne verknaden er det viktig at papiret er heilt tørt, anten du har måla på det frå før eller ikkje. Kantar blir skarpe så lenge tjukk måling blir påført på heilt tørt underlag.
Andre gonger vil du at kantane skal vere der, men at dei ikkje skal vere heilt skarpe. Det har du bruk for når du skal vise korleis lyset er med på å skape volum eller for å vise ei form. Ein mørkare valør som gradvis blir lysare, kan gi inntrykk av skugge. Gå over med spissen av penselen på den kanten du vil mjuke opp. Penselen skal vere fuktig, men ikkje våt. Det som skjer, er at du lagar eit lite felt med fukt som gir pigmenta høve til flyte ut og dermed gjere kanten mjuk. Dette er noko du bør øve på. Hugs å ikkje bruke for mykje vatn.

Lysne parti med tørkepapir
Ein måte å lysne parti på i ei jamn lavering, er å bruke tørkepapir til å fjerne måling som enno ikkje er tørr. Forma på tørkepapiret avgjer kva effekt som oppstår i laveringa. Du kan bruke samankrølla tørkepapir for å lage skyer på ein himmel. Trykk tørkepapiret ned i den våte laveringa. Du får naturleg variasjon i skyene ved stadig å endre forma på tørkepapiret. Trykker du hardt, trekker du meir måling ut enn viss du trykker lett.

Løfte ut måling frå tørt lag
Av og til har du behov for å fjerne eller lysne parti i ein akvarell. Då kan du bruke teknikken som blir kalla å løfte ut måling. Viss du forsiktig fuktar det området som skal bli lysare, løyser du opp målinga der. Bruk gjerne ein pensel med litt stivare bust. Deretter trykker du lett med eit tørkepapir der du har omarbeidd akvarellen. Målinga blir henta opp av tørkepapiret. Gjenta dette til du er fornøgd.
Teknikken kan brukast til å hente fram område som skal vise høglys. Generelt kan du bruke han til å korrigere delar av det du har måla. Om dette blir vellykka, er avhengig av papirkvaliteten. Nokre papirtypar kan bli øydelagde, mens andre kvalitetar vil tole mykje utan at det gjer noko. Prøv deg fram.
Maskeringsteip
Du kan beskytte delar av arket ved å legge på maskeringsteip før du målar. Til dømes viss du vil bevare det kvite i arket på utvalde stader. Arket må vere heilt tørt når du legg på teipen. Du kan òg legge på teip på område du allereie har måla.
Dette er ein teknikk som passar godt når du treng skarpe kantar. Dei stadene som har teip, vil ligge beskytta for neste målingsstrøk. Trykk teipen godt på plass slik at han har god kontakt med papiret. Du kan fjerne teipen når det siste strøket er tørka. Sørg for å teste at papiret du bruker, eignar seg for denne metoden. Du kan risikere at papiret blir rive opp når du skal fjerne teipen.
Maskeringsvæske
Denne teknikken fungerer på same måte som maskeringsteip. Han vernar område på arket der du ikkje vil ha måling. Maskeringsvæske er ein slags flytande gummi som du legg på dei stadene av arket du vil verne. Når væska er heilt tørr, kan du måle neste strøk. Vent til målinga er heilt tørr før du fjernar den tørre maskeringsvæska. Gni over felta og fjern maskeringa, som no har blitt gummiaktig.
Ikkje bruk akvarellpenselen din til å påføre væska. Penselen vil bli øydelagd. Bruk i staden ein gammal pensel eller andre reiskapar (pappbit, pinne, tøybit, gammal tannkost, bomullspinne) for å fordele maskeringsvæska.
Denne teknikken eignar seg viss du for eksempel vil måle snø, stjernehimmel eller bølgetoppar som skal vere heilt lyse og bli ein kontrast til dei andre fargane du målar med.
Negative flater
Når vi målar rundt det som er sjølve objektet vi vil få fram, målar vi dei negative flatene. Denne teknikken kan brukast til å skape djupne i biletet. Det er enklast å få til viss du bruker ein farge på alle objekta som skal vere med. Biletet under viser eit enkelt døme på denne framgangsmåten:
Sirklane er streka svakt opp med blyant før første lavering.
Første målingsstrøk er ei jamn lavering over heile biletflata.
Når målinga er heilt tørr, er det gått over med ei ny lavering, men rundt, og ikkje over, sirkelen i forgrunnen.
I neste runde er det gått over med endå ei lavering, men ikkje rundt dei to sirklane som er nærast oss.
Til slutt er det lagt på ei lavering på alt utanom dei tre sirklane.
La kvart lag tørke før neste lavering.

Vokslys og fargestiftar av voks
Enden av eit vokslys kan brukast som teikneverktøy på akvarellarket. Fargestiftar av voks kan brukast på same måte. Der du har gått over med voks, oppstår eit vassavstøytande vernelag. Papiret vil ikkje kunne ta imot vatn eller måling der. Det lyse i papiret vil skine gjennom på desse partia same kor mange lag du målar over.
Du kan bruke dette som ein effekt, til dømes når du skal måle snø, solskimmer i havet eller i abstrakte arbeid. Kanskje du finn andre bruksområde òg?
Skrape vekk måling for å skape høglys
I denne teknikken bruker du eit skarpt knivblad til å skrape deg gjennom laga med måling. Då vil du få fram kvitleiken i papiret. Ei åtvaring her er at papiret får ein skade. Det kan likevel vere nyttig å vite at du kan få fram høglys når alt anna i biletet ditt er måla ferdig.
Teknikken kan til dømes brukast til å få fram solglimmer i havet, uvêr eller ein lysrefleks i eit auge. Prøv deg fram før du går i gang.
Skrape i overflata og måle over
Å skrape i papiret vil gi pigmenta groper til å samle seg i. Du kan bruke ein spiss pinne eller ei nål til forsiktig å lage riper i overflata på arket ditt. Ikkje trykk for hardt, men akkurat nok til at det blir spor i papiret. Når du i neste omgang målar over dette, vil pigmenta feste seg i desse rillene. Dette vil få fram mørkare valørar akkurat der.
Dette er ein måte å lage interessante teksturar i overflater på. Til dømes i borken på eit tre, som gras eller som linjer i arkitektur. Dette er noko du bør eksperimentere med på førehand. Då veit du meir om kva resultat du kan forvente.
Bruk av salt
Salt trekker til seg fukt. Dette kan vi utnytte i akvarellmåling for å skape unike teksturar, anten det er til eit naturbilete eller eit fantasimotiv. Straks du har lagt på eit lag med måling, drysser du salt over. Det vil bli stor forskjell på resultatet om du vel fint salt eller grovkorna salt. Saltkorna vil trekke til seg fukta i målinga, men fargepigmenta vil bli liggande og tørke rundt kvart saltkorn. Du må vente til målinga er heilt tørr før du børstar av saltet.
Teknikken med salt kan til dømes passe til skummande bølgetoppar, iskrystallar i eit vinterlandskap eller for variasjon i grøne trekroner.
Bruk av riskorn
På same måte som med salt, vil riskorn trekke til seg seg fukt. Riskorna vil òg oppta plass på arket slik at pigmenta ikkje kjem til der dei ligg. Pigmenta vil samle seg rundt kvart enkelt riskorn. Når målinga er tørr, kan riskorna fjernast, og resultatet er ein tekstur du kanskje kan bruke i akvarellane dine.
Teksturen kan minne om steinane på botnen av ein dam eller pelsen til ein gepard. Fargeval og samanheng vil påverke korleis vi oppfattar teksturane.
Tekstur med plastfolie
Denne teknikken kan bli til spennande teksturar. Så snart du har påført målinga på arket, legg du over eit stykke plastfolie. Arbeid litt med plasten slik at det oppstår krøllar og brettar i han. Det er desse ujamnskapane som skaper tekstur. La plasten få ligge til målinga har tørka.
Resultatet av denne teknikken er vanskeleg å kontrollere og vil gi tilfeldige mønster. Det kan du utnytte viss du skal måle til dømes fenomen frå naturen. Biletet under kan minne om flammar eller lava, men i andre fargar kunne det òg vore mønsteret på ein stein eller refleksjonar i vatn.
Skvetteteknikk
Teknikken med å lage flekker og prikkar av måling kan kallast skvetteteknikk. Beskytt arbeidsplassen med papir, for med denne teknikken skvetter du målinga utover eit større område.
Med ein gammal tannbørste
Du kan bruke ein gammal tannbørste når du skal skvette måling. Dypp børsten i målinga du vil bruke. Hald tannbørsten med busta ned over arket. Samtidig stryk du over børsten med fingeren. Dette fører til at små prikkar kjem over på arket.
Teknikken kan brukast for å lage teksturar. Eit siste lag med denne teknikken og med kvit akrylmåling eller gouache over eit vintermotiv vil gi inntrykk av snø i lufta.
Med målarpensel
Du kan bruke ein målarpensel med godt med våt måling i busta. Hald penselen ytst på skaftet med den eine handa. Dunk skaftet i den andre handa mens du held han over og siktar mot arket. Det som vil skje, er at målinga skvett frå penselbusta og over på arket. Dette vil lage eit tilfeldig mønster med flekker på akvarellen din.
Mange bruker dette som ein effekt som kan gi liv i biletet, og som gjer det litt meir uformelt og leikent. Viss det er område du ikkje vil ha flekker på, kan du legge papir over og verne desse områda før du går i gang.

Eksperimenter med teknikkane
Test ut teknikkane som er beskrivne i artikkelen, og jobb med mogelegheitene dette gir.
Her er ei liste over teknikkane:
Lavering (jamt med ein farge)
Lavering (med to fargar)
Vått i vått
Tørt på tørt
Harde og mjuke kantar
Lysne parti med tørkepapir
Løfte ut måling frå tørt lag
Maskeringsteip
Maskeringsvæske*
Negative flater
Vokslys og fargestiftar av voks*
Skrape vekk måling for å skape høglys
Skrape i overflata og måle over
Bruk av salt*
Bruk av riskorn*
Tekstur med plastfolie*
Skvetteteknikk (med tannkost og målarpensel )*
* Viss du ikkje har det som skal brukast i teknikken, kan du vente med denne til ein annan gong.
Relatert innhald
Akvarellmåling er praktisk og lett å ta med seg. Fargelaga er gjennomsiktige, og du kan bruke akvarellmåling både til skisser og ferdige kunstverk.