Akvarellmåling

Eigenskapane til akvarellmåling
Akvarellmåling er vassbasert måling som blir seld både i tubar, i tørka brikker og i flytande form. Pigmenta er blanda med bindemiddel som løyser seg opp når du tilfører vatn.
Akvarellar har ofte eit lett og luftig uttrykk. Noko av grunnen er at målingsstrøka er gjennomsiktige. Både kvitleiken i papiret og tidlegare lag med måling skin gjennom nye lag. Du kan bruke kvitleiken i papiret medvitent for å skape høglys og valørar.
Nøkkelen til å meistre akvarell er å få erfaring med kor mykje vatn du skal bruke når du målar. Tilfører du mykje vatn, vil du få lyse valørar av ein farge. Vatnet gjer at målinga fordeler seg og spreier seg utover der papiret er fuktig. Lite vatn i målinga, gjer det lettare å måle detaljar på tørt papir.
Akvarellmåling tørkar raskt. Dette gjer det mogleg å jobbe lagvis og bygge opp fargar og teksturar utan for mykje venting. Men det er viktig at tidlegare lag på papiret har fått tørke skikkeleg, før du legg på nye lag.

Ta målarsakene med deg
Akvarellmåling eignar seg til raske skisser, men òg til å lage detaljerte bilete. Det er lett å ta med seg det du treng: målarskrin, ein pensel, papir og eit vassglas er nok. Ta òg med vatn viss det ikkje er tilgjengeleg der du skal måle.

Penslar
Akvarellpenslar er mjuke og kan halde på mykje vatn og måling. Det finst penslar med syntetisk bust og penslar som er laga av dyrehår. Passar du på dei, held dei i mange år. Du treng berre å skylje penslane godt i vatn, så blir dei reine. Pass på at du ikkje lagrar dei på ein måte som bøyer busta.
Runde og flate penslar
Både runde og flate penslar finst i ulike storleikar. Runde penslar skal ha ein tydeleg spiss når dei er våte. Håra skal altså gå i same retning og samle seg i denne spissen. Dette gjer at du kan måle detaljar, sjølv med ein litt større pensel. Små detaljar får du lettare til med ein pensel som er liten og spiss.
Flate penslar skal ha ein rett kant og er fine til å måle rette linjer med. Ein stor, flat pensel er òg bra viss du skal måle og få jamn valør på eit stort område.

Vasspensel (water brush)
Ein vasspensel er både vassbehaldar og pensel i eitt. Han er fin å ta med på tur viss det ikkje passar så bra å ha med vassglas.
Kva skal du måle på?
Du kan måle med akvarellmåling på vanleg teiknepapir. Viss du berre skal fargelegge skisser, er akvarellmåling perfekt for dette. Men bruker du mykje vatn, vil teiknepapiret krølle seg, og du risikerer at det løyser seg opp.
Vil du utnytte mogelegheitene akvarellmåling gir, bør du bruke akvarellpapir. Det toler vatn, og fargepigmenta får flyte godt med vatnet. God kvalitet gjer det lettare å lykkast, og måleriet ditt vil halde seg betre over tid.
Akvarellblokk eller lause ark?
Akvarellpapir blir selt i blokker der arka er limte fast på sidene. Brukar du mykje vatn, vil arket ofte bukle seg, men det strekker seg igjen når arket tørkar. Når akvarellen din er ferdig og er heilt tørr, losnar du papiret frå blokka.
Du kan òg kjøpe skissebøker med akvarellpapir. Målar du direkte på arka i desse, vil du måtte godta at arka kan bli litt bølgete viss du bruker mykje vatn. Det kjem an på papirtjukna og kvaliteten.
Profesjonelle kunstnarar kjøper gjerne større, lause akvarellark som dei deler opp i mindre format, eller bruker til store bilete. Som nemnt vil papiret bukle seg når det blir vått. Du bør derfor strekke lause ark før bruk. Dette gjer du ved å fukte papiret og lime det på ei plate med remser av limband. Arket og limbanda må tørke før du går i gang med målinga. Denne teknikken er nyttig når du veit du skal bruke vått i vått-teknikk (måling med mykje vatn). Då vil arket halde seg flatt mens du målar.
Ein annan metode er å teipe eit tørt ark på ei plate før du målar. Bruk maskeringsteip på alle sidene. Maskeringsteip er skånsam mot papiret og skal fjernast når du har måla ferdig. Her kan det hende at arket blir buklete viss du bruker mykje vatn, men det vil stramme seg opp igjen når det tørkar. Du fjernar maskeringsteipen når arket er heilt tørt.

Papirtjukn og kvalitet
Tjukt akvarellpapir toler mykje vatn før det buklar seg. Den beste kvaliteten inneheld ein høg del bomull, som held på fukta i papiret. Tjukt papir med mykje bomull er dyrt, men det finst rimelegare papir som har god kvalitet. Lause ark av godt papir kan gi deg høve til å prøve ut ulike kvalitetar utan at det blir for dyrt.
Tørkepapir
Det er praktisk å ha tørkepapir tilgjengeleg mens du målar. Av og til treng du ein pensel med mindre vatn og tjukkare måling. Då kan du tørke penselen på tørkepapir for å fjerne litt av vatnet etter skyljing. Tørkepapir er òg greitt å ha viss du søler.
Du kan bruke tørkepapir til å fjerne vatn frå arket. Er det oppstått ein pytt med vatn på arket, kan du forsiktig la eit hjørne av tørkepapiret røre borti vassoverflata og trekke det til seg.
Fargepigment og miljø
Nokre fargepigment kan vere giftige, til dømes kadmium og kobolt. Det er derfor viktig å vaske hendene etter ei måleøkt. I akvarellmåling blir det brukt lite pigment i forhold til i andre typar måling, men miljømedvit er alltid viktig.
For å redusere mengda pigment i skyljevatnet er ei løysing å få av mest mogleg pigment på tørkepapiret før du skyl penselen i vassglaset. Skyljevatnet vil likevel bli ei blanding med vatn og pigment. Lar du skyljevatnet fordampe over tid, vil pigmenta falle til botns. Når vatnet er fordampa heilt, kan du tørke av botnen i vassbehaldaren med papir.
Relatert innhald
Lær om ulike teknikkar innan akvarellmåling, og eksperimenter med verknadene av dei.