Mål som ein impresjonist

Utstyr
kamera eller mobil
skissebok eller skisseblokk i A3-format
lerret eller bokpapp
akrylmåling, gouache eller pastellkrit
penslar
Del 1: Set deg inn i impresjonismen som periode
Les fagartikkelen om impresjonisme. Beskriv kort kva som kjenneteiknar perioden.
Finn eit impresjonistisk måleri og beskriv motiv, fargar og penselstrøk. Gå tett på motivet og beskriv opplevinga di av måleriet når du ser det på nært hald, og når du ser det på avstand.

Del 2: Eksperimenter med penselstrøk eller pastellkrit
Finn eit utsnitt av det måleriet du beskreiv i del 1, og kopierer dette.
Forsøk å gjenskape fargebruken og verknaden av dei synlege penselstrøka i ei fargeskisse.
Del 3: Gjengi eit motiv under ulike lysforhold
Vel eit motiv. Det kan til dømes vere ein bygning, ein person eller eit stilleben nær eit vindauge. Vurder korleis du vil bygge opp komposisjonen om du vil jobbe med eit stilleben.
Fotografer motivet under ulike lysforhold. Det kan vere naturleg lys om morgonen, ettermiddagen og tidleg kveld eller lampelys. La deg inspirere av korleis impresjonistane kunne skjere til eit motiv.
Prøv ut ulike teknikkar før du bestemmer deg for om du vil bruke akryl eller gouache, pastellkrit eller blandingsteknikk.
Lag skisser.
Studer korleis fargetonane endrar seg i ulike lysforhold, og gjengi motivet ditt på minst to ulike måtar. La deg inspirere av bilete frå perioden.

Innlevering
Til slutt skal du levere
to (eller fleire) måleri eller pastellkritteikningar av same motiv
eit prosesshefte der du
presenterer fotografia som var utgangspunktet for prosessen din
viser korleis du har eksperimentert med teknikkar
presenterer skissene og grunngir vala du har teke undervegs
vurderer det endelege produktet ditt og forklarer korleis du har brukt utsnitt, teknikk og fargar som ein impresjonist
Relatert innhald
Akrylmåling er godt eigna både til måleri og til å måle på gjenstandar. Her er ei oversikt over kva akrylmåling er, utstyr og måleteknikkar.
Pastellkrit har klare, sterke fargar, og ulike teknikkar gir heilt ulike uttrykk. Her får du forslag til nokre teknikkar du kan prøve.

