Akvarell inspirert av Hertervig

Utstyr
teikneblyantar
teikneblokk
akvarellmåling
akvarellpapir i valfritt format
Del 1: Studer teikningar og landskapsmåleri av Hertervig
Som nasjonalromantikarar flest var Lars Hertervig oppteken av det storslåtte i naturen. Men mens dei andre som regel tolka naturen på ein realistisk måte, skapte Hertervig ein ny og annleis stil. Bileta hans fekk gjerne ei mystisk stemning.
Gå inn i samlinga på Nasjonalmuseet og studer teikningar og landskapsmåleri av Hertervig. Skriv ned nokre stikkord om korleis du opplever bileta hans.

Vel eit element du vil fordjupe deg i. Det kan til dømes vere urskog, steinblokkar eller skyformasjonar. Studer korleis Hertervig jobbar med former og fargar når han gir att dette motivet på ulike måtar.

Del 2: Kopier eit utsnitt
Finn eit bilete du blir inspirert av, og kopier eit utsnitt av det. Utforsk korleis du kan prøve å få fram den same stemninga ved hjelp av ulike akvarellteknikkar.

Del 3: Lag ditt eige uttrykk
Ta med deg erfaringane dine frå del 1 og 2. Jobb med same motiv, men no skal du tenke over opplevinga di og måle det på din måte.
Har du til dømes fordjupa deg i Hertervigs florlette skyer, kan du no leike med motivet og måle skyformasjonar slik du ser dei for deg.
Samanlikn til slutt utsnittet du har kopiert, med det ferdige måleriet ditt. Korleis pregar inspirasjonen frå Hertervig arbeidet ditt?
Relatert innhald
Lær om ulike teknikkar innan akvarellmåling, og eksperimenter med verknadene av dei.
Akvarellmåling er praktisk og lett å ta med seg. Fargelaga er gjennomsiktige, og du kan bruke akvarellmåling både til skisser og ferdige kunstverk.