Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Impresjonisme

Impresjonismen er ei retning innanfor målarkunsten. Han starta i Frankrike rundt 1870 og varte til først på 1900-talet. Kunstnarane var opptekne av å få fram inntrykket av ein bestemd augeblink. Dei måla gjerne utandørs med raske penselstrøk for å få fram korleis lyset fall.

Protest mot det etablerte

Då impresjonismen oppstod, var det vanleg at måleri skulle byggast opp etter faste reglar og fortelje ei historie. Fleire franske kunstnarar protesterte mot dette og utvikla ei ny kunstretning. Dei ville heller fange lyset, fargane og stemninga i ein augeblink.

Oppfinninga av målingstubar gjorde det enklare å måle utandørs. Kunstnarane kunne no måle med raske penselstrøk, og dei sette gjerne ublanda fargar opp mot kvarandre. Motiva var ofte landskap eller scener frå bylivet. Uvanlege utsnitt kunne gi betrakteren ei kjensle av å vere nær motivet.

Kunstnarane som du skal bli kjend med i denne artikkelen, blei avviste av juryen for Salongen, den store akademiske utstillinga i Paris, i 1874. Då bestemde dei seg for å vise måleria sine hos ein kjend fotograf. Impresjonisme blei brukt som skjellsord om bileta då ein journalist skulle beskrive denne utstillinga. Han meinte at dei stilte ut skisser som om dei var ferdige verk.

Men etter at desse kunstnarane hadde halde sju eigne utstillingar fram til 1886, endra haldningane til folk seg, og impresjonistane blei sett på som nyskapande.

Édouard Manet (1832–1883)

Édouard Manet innførte nye måtar å skildre det moderne livet på. Han braut dei strenge reglane og utfordra kva som kunne vere motiv i målarkunsten. Manet såg ikkje på seg sjølv som impresjonist, men verka hans inspirerte andre kunstnarar til å utforske lys, fargar og tema frå eiga samtid.

Édouard Manet brukte lyse og klare fargar sette opp mot mørke kontrastar. Dette kjem klart fram i verket Frukost i det grøne (1863). Landskapet er vakkert, mennene har tidsriktige klede, mens kvinna i forgrunnen er naken og ser direkte på tilskodaren. Ho blir ikkje framstilt mytologisk, men som ei moderne og fri kvinne. Dette skapte skandale.

Det same gjorde Olympia (1865). Måleriet har ei klassisk oppbygning og klar referanse til verket Venus frå Urbino av Tizian (1538), som du kan sjå på Google Arts & Culture, men hinta til prostitusjon blei ikkje godt mottekne. Olympia var eit namn parisarane den gongen knytte til ei prostituert, og publikum blei provosert av at den nakne modellen såg rett på dei utan sjenanse. Den svarte katten blei tolka som eit symbol på lyst og fridom frå tradisjonelle normer.

Claude Monet (1840–1926)

Claude Monet blir rekna som ein av dei viktigaste kunstnarane innan impresjonismen. Etter læretid hos ulike kunstnarar og ein kort periode i militæret flytta han frå Normandie til Paris. Tjukke, raske målarstrøk med lyse og klare fargar blei varemerket hans. Han ville gi att opplevinga si og måla ofte same motiv fleire gonger i ulike lys- og vêrforhold.

I verket Gare Saint-Lazare, viser han til framtida gjennom jernbanestasjonen og toga. Penselstrøka er korte og raske, og dette framhevar dampen og lyset. Toghallen gir tilskodaren ei kjensle av å vere både inne og ute på same tid.

Monet kom til Noreg vinteren 1895 for å måle landskap prega av snø og kulde. Det er dei livlege penselstrøka, fargebruken og sollyset som skaper stemninga i motivet også her. Han måla i den same stilen gjennom heile karrieren.

Auguste Renoir (1841–1919)

Pierre-Auguste Renoir hadde studert ved den kjende kunstskulen École des Beaux-Arts og blei ein av dei nyskapande impresjonistane. Han måla gjerne landskap, men òg portrett, aktstudiar og scener frå kvardagslivet. Bileta hans har ofte varme og klare fargar. Komposisjonane skil seg frå den meir skjematiske oppbygninga av motivet i klassisk kunst.

Renoir hadde som mål å fange personlegdommen til den enkelte i portretta sine. Han brukte modellar frå alle samfunnslag. Med den frie og kjenslevare målestilen sin viste han alle like mykje respekt og framstilte dei på ein sympatisk måte.

Mot slutten av karrieren gjekk Renoir tilbake til ein meir klassisk målestil. Då teikna han fleire skisser og planla komposisjonane nøye. I Paraplyane (1880) kan vi sjå at uttrykket i måleriet har mista noko av den impresjonistiske spontaniteten.

Berthe Morisot (1841–1895)

Sidan kunstakademia ikkje tok imot kvinneleg studentar, tok Berthe Morisot privatundervisning av mannlege meistrar. Sjølv om ho som kvinneleg kunstnar møtte fordommar, blei Morisot blant dei beste impresjonistane. Ho observerte detaljar og nyansar, og dette tok ho med seg inn i måleria for å fram stemningar. Ho brukte lyse og klare fargar og kunne skape djupne ved hjelp av fargebruk.

Morisot måla kvinner frå sin eigen samfunnsklasse, ofte i ordna familieliv. Men verka hadde gjerne ei underfundigheit som kunne vise at livet kan vere meir komplisert enn det ser ut til.

Ho heldt fram med å måle etter at ho gifta seg med Eugène Manet, broren til Édouard Manet. Men sjølv om ho arbeidde hardt, fekk ho ikkje den same anerkjenninga som dei mannlege kollegaene sine.

Edgar Degas (1834–1917)

Edgar Degas var målar, grafikar og bilethoggar. Han hadde ein klassisk teikne- og målebakgrunn frå kunstakademiet i Paris og hadde fordjupa seg i arbeida til dei gamle meistrane. Han var sterkt inspirert av Leonardo da Vinci og Michelangelo.

Degas blei kjend for rask strek og fast linjeføring, og han skapte fargekontrastar ved å setje lyse fargar opp mot mørke.

Degas sette sitt preg på impresjonismen ved å fange augeblinken og skildre det moderne livet. Biletutsnitt og perspektivbruk viser òg at han var fascinert av det nye mediet fotografiet.

Degas observerte modellane sine nøye for å kunne gi att rørslene i kroppen. Ballerinaer var ofte omgitt av scenelys og vakre stoff, men han viste òg livet bak scena.

Oppgåve

Les om skulpturen Liten dansar på 14 år på Fineart og samanlikn historia hennar med det du kan lese om Albertine i politilegens venteværelse i denne artikkelen.

Diskuter

  • Korleis tek dei to kunstverka opp same tematikk, men på ulik måte?

  • Korleis blei kunsten brukt som samfunnskritikk?

  • Kjenner de liknande historier frå vår eiga tid?

Kjelder

Dynna, C. (2025, 31. mars). Berthe Morisot. I Store norske leksikon. https://snl.no/Berthe_Morisot

Fjellstad, L. H. (2025, 27. mars). Claude Monet. I Store norske leksikon. https://snl.no/Claude_Monet

Krausse, A. C. (2005). Maleriets historie. Fra renessansen til i dag. Spektrum forlag.

Michaelsen, M. M. (2025, 28. mars). Edgar Degas. I Store norske leksikon. https://snl.no/Edgar_Degas

Michaelsen, M. M. (2025, 25. februar). Édouard Manet. I Store norske leksikon. https://snl.no/%C3%89douard_Manet

Michaelsen, M. M. (2025, 30. desember). Pierre-Auguste Renoir. I Store norske leksikon. https://snl.no/Pierre-Auguste_Renoir

Skurtveit, N. (2008, 13. oktober). Skandaløse Olympia. NRK. https://www.nrk.no/kultur/skandalose-olympia-1.6259621

Tschudi-Madsen, S. & Johannesen, O, R. (2025, 25. november). Impresjonisme - billedkunst. I Store norske leksikon. https://snl.no/impresjonisme_-_billedkunst

Skrive av Lizann Mikkelsen Tapper og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 07.04.2026