Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Harriet Backer

Harriet Backer var ein norsk målar som er kjend for dei vakre interiørbileta sine. Ho brukte impresjonistiske teknikkar til å fange lys og stemning på ein heilt spesiell måte. Backer var ei føregangskvinne som bidrog til å utvikle biletkunsten på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet.

Film: Harriet Backer: Hvert atom er farge

I filmen frå Nasjonalmuseet under (lengde 7:41) får vi innblikk i Harriet Backers liv og kunstnarskap.

Reflekter og diskuter

  • Harriet Backer blir rekna som ein av dei beste koloristane våre. Kva betyr det, og korleis kjem det fram i filmen?

  • Korleis påverka impresjonismen målestilen hennar?

  • Kva utfordringar møtte Harriet Backer som kvinneleg kunstnar?


Harriet Backer (1845–1932)

I dag blir Harriet Backer rekna som ein av dei mest banebrytande målarane i sin generasjon, spesielt på grunn av fargebruken sin. Ho hadde utdanning frå München, og blei seinare sterkt påverka av friluftsmåleriet og impresjonismen. Impresjonistane ville få fram opplevinga av ein bestemd augeblink.

Interiørbilete

Harriet Backer var oppteken av korleis fargane i eit rom blir påverka av lyset. Ho klarte å attskape lysspelet i impresjonismen innandørs. Bileta hennar skil seg ut med at personane blir ein del av interiøret i staden for å vere hovudmotiv. Backer utvikla sin eigen stil ved å kombinere tradisjonelle komposisjonsprinsipp med ein impresjonistisk målestil.

Barnedåp i Tanum kirke (1892) er eit oljemåleri som viser at eit dåpsbarn skal berast inn i kyrkja. Blikket vårt blir trekt mot inngangspartiet, som er det lysaste feltet i komposisjonen. Lyset i inngangspartiet lyser opp kyrkjerommet slik at vi kan sjå detaljane i interiøret. Dette skaper saman med fargane ein lun atmosfære i den gamle kyrkja.

I Aften, interiør (1896) attskaper Backer det sterke lyset frå ei lampe. Legg merke til korleis fargar, lys og teksturar skaper stemninga i rommet.

Føregangskvinne

Harriet Backer fekk prisar og stilte ut verka sine på internasjonale utstillingar, mellom anna på Verdsutstillinga i Paris (1889 og 1900) og i Chicago (1893). Dette gav henne anerkjenning som profesjonell kunstnar i ei tid der kvinner ofte blei haldne utanfor slike arenaer.

Backer starta ein måle- og teikneskule i Oslo som ho dreiv frå 1890 til 1912. Her blei det undervist i aktteikning og måleri. Blant elevane til Backer var det fleire som seinare blei kjende kunstnarar sjølve. I 1908 fekk ho kongens fortenestemedalje i gull for det kunstnariske arbeidet sitt.

Samanlikn to måleri

Samanlikn måleriet Avskjeden (1878), som er beskrive i artikkelen "Norsk biletkunst i realismen", og Ved pianoet (1894) som er vist under. Studer fargebruk og måleteknikk i begge verka. Korleis er måleria prega av to ulike kunsthistoriske periodar?


Kjelder

Håberg, K.R. (2008). Kunst og formkultur 3 - fra 1600 til 1900. Gyldendal Norsk Forlag.

Kirkholt, T. (2025, 3. desember). Harriet Backer. I Store norske leksikon. https://snl.no/harriet_backer

Pharo, I. & Sagstad, E. (1998). Det skapende mennesket. Kunst- og kulturhistorie 1. Universitetsforlaget.

Østby, L. (2025, 14. august). Harriet Backer. I Norsk kunstnerleksikon. https://nkl.snl.no/harriet_backer

Skrive av Lizann Mikkelsen Tapper og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 01.04.2026