Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Oppgåve
Video

Skjemateikning – hovud og ansikt

Vi er mest fornøgd med teikningane våre når dei har rette proporsjonar. Å bli klar over kva proporsjonar som gjeld for ansiktet og hovudet, er eit viktig steg for å teikne menneske rett. Animasjonsfilmen og øvinga under gir deg dei verktøya du treng for få til rette proporsjonar.

Proporsjonar i hovud og ansikt

Sjå animasjonsfilmen under (lengde 6:37) om proporsjonane i ansiktet og hovudet til eit menneske. Filmen forklarer og viser korleis du kan teikne opp hjelpelinjer for å teikne anatomisk korrekte ansikt og hovud.

Viss du gjer deg kjend med denne måten å teikne menneske på, kan du etter litt øving teikne kven som helst. Skjemateikning er berre ein start og eit hjelpemiddel. Det du faktisk observerer, er alltid viktigare enn reglar som er laga for å hjelpe oss.

Video: Klipp og Lim / CC BY-SA 4.0

Øving i å teikne ansikt og hovud

Utstyr

  • blyant

  • viskeler

  • linjal

  • teiknepapir i A3-format

No skal du prøve deg på å teikne eit ansikt og eit hovud framanfrå og i profil. Sjå gjerne filmen fleire gonger før du begynner. Følg instruksjonane trinn for trinn, og set filmen på pause mens du teiknar.

Du skal bruke eit liggande A3-ark og plassere skjemateikningar av ansiktet sett framanfrå og i profil ved sida av kvarandre.

Kjelde

Loomis A. (2011). Drawing the Head and Hands. Titan Books Ltd.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 26.11.2025