Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Utforsk hovudets proporsjonar

Korleis er dei ulike delane av ansiktet plassert i forhold til kvarandre? Samarbeid med ein medelev. Bruk sikteteknikk til å utforske ulike storleikar og plasseringar når du skal teikne eit hovud.

Utstyr

  • teikneblyant

  • teikneblokk eller skissebok

Proporsjonar

Proporsjon er forholdet mellom storleikar. I denne øvinga skal de samarbeide to og to. Byt på å sitje modell og på å måle og finne ut kvar ulike delar av ansiktet er plasserte i forhold til kvarandre.

Del 1: Ansiktet sett framanfrå (en face)

Bruk blyanten til å sikte, og finn ut:

  1. Kvar i høgda på hovudet ligg auga til modellen din?

  2. Hald blyanten og sjekk kor mange auge det er plass til mellom auga.

  3. Bruk blyanten til å sikte . Finn ut kvar pupillane treffer munnvikane når modellen din ser rett fram.

  4. Fortset å sikte vertikalt. Kvar er nasevengen plassert i forhold til augekroken?

  5. Mål avstanden frå hakespissen til augnebryna. Snu blyanten og samanlikn denne storleiken med avstanden mellom kinnbeina.

Lag ei enkel skjemateikning som beskriv storleiksforholda du kjem fram til når du måler.

Del 2: Ansiktet sett frå sida (profil)

  1. Hald blyanten og sikt frå nasetippen på modellen din. Kvar begynner bakhovudet i forhold til denne linja?

  2. Fortset å sikte horisontalt og sjekk kvar den øvre og nedre kanten av øyret treffer auget og nasen til modellen.

  3. Mål avstanden frå hakespissen til augnebryna og samanlikn denne storleiken med avstanden frå nasetippen til øyret.

Lag ei heilt enkel skjemateikning som viser det du kjem fram til.

Del 3: Individuelle forskjellar?

Samanlikn skjemateikningane dine med teikningane medeleven din laga etter å ha målt proporsjonane dine. Kjem de fram til same resultat, eller finn de individuelle forskjellar?

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 06.08.2025