Portrett
Kven var Edvard Munch?
Edvard Munch (1863–1944) er ein av verdas mest kjende kunstnarar. Gjennom livet laga han rundt 80 sjølvportrett. I filmen frå Munchmuseet (lengde 4:01) blir vi kjende med ulike sider av Munch gjennom nokre av sjølvportretta hans.
Tenk over
Kva kan vi lære om Munch gjennom måten han framstilte seg sjølv på?
Utforsk
I filmen over ser vi nærare på tre av Munchs sjølvportrett. Finn eit anna sjølvportrett av Munch enn dei tre vi har studert i filmen.
Korleis verkar han i biletet du har valt?
Grunngi kvifor du opplever han slik.
Kva for visuelle verkemiddel har Munch brukt for å skape dette inntrykket?
Diskuter
Gå saman i grupper på tre–fire personar.
Samanlikn uttrykka i sjølvportretta de har valt. Diskuter kva desse bileta kan fortelje oss om Munch og om det å vere menneske.
Kva synest de er viktig å få fram viss de skal lage eit portrett?
Relatert innhald
Nettside hos snl.no
Nettside hos tv.nrk.no

