Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video

Teikn hovudet sett frå ulike vinklar

Korleis kan du bruke det du kan om proporsjonar i ansiktet og hovudet, når du skal teikne ein person som har hovudet vendt oppover, nedover eller til sida?

Ta skjemateikninga eit steg vidare

Det du har lært om skjemateikning, gjeld sjølv om du skal teikne hovudet og ansiktet frå ein annan vinkel enn framanfrå eller i profil. Animasjonen under (lengde 3:42) viser korleis hjelpelinjene frå skjemateikning følger reglane om perspektiv og kan hjelpe deg å teikne rett. Repeter gjerne det grunnleggande i ressursen om skjemateikning av hovud og ansikt før du ser animasjonen.

Video: Klipp og Lim / CC BY-SA 4.0

Øving

Prøv å teikne ein person som ser nedover, oppover og delvis til sida. Legg merke til korleis du justerer hjelpelinjene for kvar teikning.

Kjelde

Loomis A. (2011). Drawing the Head and Hands. Titan Books Ltd.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 12.01.2026