Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Pastellauge

Auge er vakre og blir ofte omtalte som "spegelen inn til sjela". I denne oppgåva skal du studere ditt eige auge og teikne det i fargar med pastellkrit.

Utstyr

  • teikneblyantar

  • skisseblokk

  • pastellkrit

  • farga kartong i A5-format

  • spegel

Førebuing

  1. Les om å teikne auge i artikkelen "Detaljar i ansiktet". Lag blyantskisser av auge sett frå ulike vinklar. Øv deg på å få fram forma ved hjelp av lys og skugge.

  2. Eksperimenter med ulike teknikkar og korleis du kan blande fargar etter at du har lese artikkelen "Pastellkrit".

Lag ei studieteikning av auget ditt i fargar

  1. Bruk spegel og studer forma på auget ditt. Bruk heile formatet når du skisserer opp auget med svake linjer på farga kartong.

  2. Legg merke til forma på det kvite i auget når du skal plassere iris og pupillen. La augelokket folde seg over og følge forma til augeeplet.

  3. Studer retninga på augevippene og augebryna. Tenk form i staden for kvart enkelt hårstrå.

  4. Studer lys, skugge og fargespel og bygg opp valørane i teikninga di. Jobb òg med hudområdet rundt auget.

Lag ei utstilling

Heng pastellteikningane tett saman på ein vegg. Korleis opplever de blikket frå så mange ulike auge?

Skrive av Unni Karoline Bakke og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 29.04.2026